Politikk

Etterlyser meir politisk mot

Avtroppande Agenda-sjef Trygve Svensson etterlyser politisk vilje og mot blant europeiske politikarar til å byggje eigen teknologi og kunstig intelligens, eigne sosiale medium og eigen tryggleik.

Trygve Svensson (t.h.) har leidd tankesmia Agenda sidan 2018 og seier at det å bidra til å avpolarisere debattar er minst like viktig for tankesmia som å dra i gang kontroversielle diskusjonar. Her er han i samtale med Cecilie Hellestveit, Kristian Berg Harpviken, Jonas Gahr Støre og Timothy Snyder i januar i fjor.
Publisert

Ved oppstarten i 2014 vart det kunngjort at tankesmia Agenda skulle famne frå venstre til sentrum, inkludert Sp, KrF og Venstre, og at tankesmia skulle stille dei ubehagelege spørsmåla og dra i gang kontroversielle diskusjonar.

Trygve Svensson går no av etter å ha leidd Agenda i to tredjedelar av levetida til tankesmia.

– Har Agenda fått til å famne så breitt som tenkt?

– Vi er ei tankesmie for heile sentrum–venstre, og vi har plass til idear frå Sp til Raudt. Så er jo den politiske utviklinga sidan Agenda starta, eit lite stykke noregshistorie. KrFs vegval i 2018 var historisk, der partiet gjekk frå å vere ei viktig politisk kraft og ein koalisjon av frikyrkjelege og statskyrkjelege til i dag å ha fått ein ganske annleis identitet. På andre sida er det interessant å sjå at Venstre, som før plasserte seg på høgresida, no kjem med utspel om at dei ønskjer å nærme seg LO.

– Stiller de dei ubehagelege spørsmåla, og dreg de i gang kontroversielle diskusjonar, slik du ser det?

– Det målet er veldig 2014. I 2014 hadde sentrum–venstre nett hatt regjeringsmakt i åtte år, og det var ei oppfatning om at det var idétørke og behov for fornying. I 2025 har det skjedd så mykje dramatisk i verda at det å bidra til å avpolarisere ein del debattar er minst like viktig som det å bidra til å polarisere. Hadde det vorte starta ein tenkjetank i år, ville ingen ha sagt at vi trong meir polarisering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement