Sjakk

Parodisk enkelt

Gamlefar Magnus Carlsen (35) tok sitt sjette VM-gull i snøggsjakk i Qatar mot ein paralysert, remistung verdselite.  

Ingen skulda Niemann for juks i Doha.
Publisert

Den norske romjulstradisjonen med gull i sjakk-VM på NRK er gild på mange vis. Det kjennest trygt og godt, ein veit kva ein får. Men når eit godt konsept vert sendt år etter år over same leist, vert det òg ein smule parodisk (som Grevinna og hovmeisteren eller Melodi Grand Prix).

Sportskommentator i verdsklasse Torstein Bae «maser på» med dei faste sjakkvendingane han har nytta på skjermen i 13 år: «byttehandel», «hvit maser på», «svart lager kvalm», «… og der gir han seg, Hans Niemann».

Det er ingen andre sjakkspelarar som taler slik, men Bae har bygd ei merkevare, som NRK sel for alt ho er verd. På skjermen, på direktesend TV, kjem koselege, men innhaldstomme meldingar frå folkedjupet. Dei fleste sjåarane har nok no skjøna at mange av desse meldingane er parodiske, rett og slett «fake».

Kompisane til son min har i mange år sendt tullemeldingar til NRK-sjakken med falsk folkeleg appell, der dei legg inn kommafeil og stavefeil av typen «skjelden» og «kansje» for å auka sjansen for å koma gjennom sensuren (?) og hamna på TV.

I år var det verre enn nokon gong: Eg såg meldingar på skjermen frå både Atle Gul og Atle Blå. Og ei melding frå ein viss Ole Torstein Røneid slapp gjennom, der altså heile studioet (Ole Rolfsrud, Torstein Bae, Heidi Røneid) var representert.

Etter fjorårets jeans-skandale, då Carlsen trekte seg frå snøggsjakken og gjekk til krig mot Fide-pampane (før han kom attende og vann lynsjakken), var det litt tamt dei fyrste rundane i Doha i Qatar. Då Carlsen i runde 7 tapte mot russaren Vladislav Artemjev, kjende han endeleg på raseriet publikum elskar å hata – eller elskar og hatar. Carlsen dytta bort fotografen til NRK.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement