JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Matvarekonkurranse

Oda er ein utfordrar, men fyrst og fremst frå innsida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Matvarelageret Asko på Kalbakken i Oslo: Det er grossistane som formidlar mat, og makta deira skal ikkje undervurderast.

Foto: Berit Roald / NTB

4266
20220617
4266
20220617

«Det er også spennande å følgje med på Oda, og korleis dette selskapet vil lykkast», sa direktør i Daglegvaretilsynet, Tor Erik Engebretsen, her i avisa for eit par veker sidan.

Det er sant: Oda, tidlegare kjend som Kolonial.no, har vakse til høgder få trudde var moglege. Netthandelen med dørlevering av matvarer over heile austlandsområdet har dei siste månadane vunne VGs matbørs for billegaste handlekorg fleire gonger. Frå ein omsetnad i oppstartsåret 2014 på under 14 millionar har dei vakse til nærare to milliardar kroner i 2020. Og mykje dei gjer, synest smart: som å starte bakeri som bakar på bestilling, noko som minimerer svinn og matkasting.

Likevel var det truleg ikkje akkurat dette tilsynsdirektøren tenkte på då han svara. Spørsmålet han svara på, handla ikkje om drift, men om konkurransen daglegvarekjedene imellom er for dårleg.

Då er det naturleg å trekke fram Oda, som på overflata verkar som ein sterk konkurrent til dei tre dominerande aktørane Coop, Reitangruppen (Rema) og Norgesgruppen (Meny, Spar, Kiwi, Joker og fleire). Men er dei eigentleg det?

Kven konkurrerer?

Ja, kva er eigentleg ein konkurrent? I Norgesgruppen er det nok liten tvil om at kjedene konkurrerer med kvarandre: Spar og Kiwi slåst om dei same kundane akkurat som Coop Extra og Rema 1000 gjer det. Og for butikkdirektøren og dei tilsette på kjedekontoret utgjer det sjølvsagt ein stor skilnad kva for ein av dei to butikkane kundane vel.

Likevel seier vi sjeldan at det aukar konkurransen om ein Spar-butikk får selskap av ein Kiwi rett over gata. Årsaka til det er tosidig: For det fyrste går overskotet frå dei to butikkane til sjuande og sist til den same konsernkassa – og for det andre får dei varene frå den same grossisten, Asko, som Norgesgruppen eig. Sjølv om dei to butikkane har litt ulik profil, vil altså vareutvalet i stor grad vere det same, og vi ser dei difor ikkje som konkurrentar.

Og kva har Oda med dette å gjere? Eg gjorde fylgjande test: Fyrst søkte eg på «Gilde» i nettbutikken deira, og det gav meg treff på 87 produkt. Så søkte eg på «Nordfjord Kjøtt» – og treffa eg fekk var nesten like mange: 75 produkt frå det privateigde slakteriet Nordfjord Kjøtt er å få kjøpt i nettbutikken til Oda.

Dette er relevant fordi Nordfjord Kjøtt elles berre leverer til Rema 1000. Det er ikkje daglegvarekjeda som eig slakteriet, men dei har ein eksklusivitetsavtale med kvarandre.

Eg tek det heile eitt steg vidare og prøver eit søk på «Rema 1000» i det same søkefeltet og får 487 treff.

Så korleis hamnar EMV-varene til Rema 1000 i nettbutikken til Oda? Gjennom ein innkjøpsavtale, rett og slett. «Vi har inngått et samarbeid med REMA 1000 som gir oss tilgang til REMA 1000 sine egne kvalitetsmerke, og som i tillegg betyr fantastiske priser for deg som kunde» står det på nettsida til Oda.

Eige konkurrenten?

Så. Kva fortel dette oss? At Oda er ein lurendreiar vi må kaste ut av bransjen så fort som mogleg? Nei då. Meir truleg gjer Oda akkurat det som må gjerast for å klamre seg fast – dei innser at dei tre store har så mykje makt at den einaste inngangen er som blodigle på ein av dei. Kanskje planlegg dei å lausrive seg etter kvart som storleiken tillèt det. Oppstart av eige bakeri er iallfall eit skritt i den retninga. Tor Erik Engebretsen har rett i at det vert spanande å fylgje med på dette.

Men så langt er Oda ingen eigentleg konkurrent til Rema, Coop og Norgesgruppen. Dei siste månadane har Oda garantert at dei «prismatcher bestselgerne våre med REMA 1000». På nettsida si har Oda ei teneste der dei samanliknar prisane hos Meny, Rema og dei sjølve – og prisane på alle dei utplukka varene er identiske hos Rema 1000 og Oda.

Er dette konkurranse – eller er det ei form for (lovleg) prissamarbeid? Dersom dei to er konkurrentar, kvifor tillèt Rema 1000, sjølvaste skaparen av lågprisbutikkar i Noreg, at Oda kopierer prisane deira? Og kvifor eig Rema Distribusjon Norge AS 2,90 prosent av konkurrenten – Oda Group Holding AS?

At konkurranse i daglegvarebransjen er merkeleg og vanskeleg og forstå seg på, er truleg det einaste som er enkelt å slå fast i denne saka.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Så langt er Oda ingen eigentleg konkurrent til Rema, Coop og Norgesgruppen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis