Frå matfatet
Lunsjmat
Vi kan alle kutte litt kjøt utan å lage katastrofe – til dømes dette.
Den tynne rosa stripa: Treng du verkeleg denne skinkeskiva? Det kjem kanskje an på kvaliteten.
Foto: Pxhere.com
Det spirer og gror i utvalet på Rema 1000. Kjeda som har fått delar av namnet sitt frå å tilby 1000 varer, har alt femdobla den målsetjinga og tilbyr no langt ifrå berre langtidshaldbare hyllevarer. Mellom anna finn eg no ei heil hylle med påsmurde bakarvarer og ferdigblanda salatar – lunsjmat, med andre ord, som ifylgje innpakninga skal vere både Raskt & Enkelt (det er merkenamnet) og Fersk og nylaget.
Brødprodukta inkluderer klassikarar som club sandwich, sandwich med egg og bacon og frøhorn med ost og skinke, og er produsert av frukt- og grønsakleverandøren Bama, som er 20 prosent eigd av Rema Industrier AS.
Det fyrste som slår meg, er bruken av ordet «fersk». For eg har sett haldbarstempelet på sida av pakninga: Eg veit ikkje kor lenge brødmaten har lege på kjøleskåpshylla, men eg veit ut frå siste forbruksdag at sandwichane kan vere til sals i fire og hornet i tre dagar til.
Om det kan ha sine fordelar i eit matsvinn- eller transportperspektiv, er det definitivt falsk marknadsføring: oppskore brød og loff er verken ferskt eller nylaga etter tre til fire dagar i ei butikkhylle. Sidan det ikkje står kva dag vara er produsert – noko som hadde vore uproblematisk å legge til på den same merkelappen – er det heller ikkje mogleg for kunden å finne ut kor gamal brødmaten er før ein kjøper han.
Grønsakprodusent
Det andre som slår meg, er likevel ein endå merkelegare mangel: Produsenten av brødvarene, Bama, er som eg så vidt har nemnt, fyrst og fremst produsent og leverandør av frukt, grønsaker og andre vegetabilske matvarer. Likevel er brødvarene nesten heilt frie for slike ingrediensar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.