Frå matfatet
Laboratoriekjøt
Kva om laboratorieproduksjonen er høvet vi treng for å skape den matproduksjonen vi ynskjer oss?
Slik vil det nederlandske kjøtlaboratoriet Mosa Meat selje stamcelleburgaren sin. Straks vert han å få kjøpt i Singapore.
Foto: Mosa Meat
No er det her: det laboratorieproduserte kjøtet. Burgaren som er laga av stamceller, er ikkje lenger ein frankensteinvisjon – han vert faktisk laga på ei produksjonslinje og seld over disk i Singapore. Ja, berre i Singapore, for det landet vart fyrst i verda til å godkjenne dette produktet. Alt i 2020 fekk ein kunde betale 23 dollar for ein labdyrka kyllingnugget.
No fortel Nationen at det nederlandske firmaet Mosa Meat vil ta opp konkurransen i Singapore med ein labdyrka storfeburgar. I begge desse høva er det altså kjøt dyrka frå stamceller vi snakkar om: Mosa Meat fortel på nettsida si at dei hentar 0,5 gram stamceller frå eit lokalbedøvd dyr, og at dei ut frå det kan dyrke 80.000 burgarar.
Dette er likevel langt frå den einaste måten animalsk mat kan dyrkast i laboratorium på. 2020 var òg året då den kjende matskribenten og husdyrkritikaren George Monbiot hevda å vere den fyrste utanforståande til å ete ei pannekake laga av mikrobar og vatn.
Monbiot var hjå det finske firmaet Solar Foods, som hevdar dei lagar verdas mest berekraftige protein: Ved hjelp av hydrogenoksiderande bakteriar, solenergi, CO2 og ulike mineral får dei vatn til å produsere eit protein som dei så omset til å kunne erstatte alt frå mjølk til egg til kjøt til omega 3-feittsyrene vi er vane med å hente frå fisk. 25. mai i år hadde Solar Food si fyrste matservering – også i Singapore – og på menyen stod mellom anna pasta, eggesaus og iskrem laga med det patenterte Solein-proteinet.
«Labkjøt vil snart øydelegge landbruket – og redde planeten», skreiv Monbiot i The Guardian etter vitjinga hjå Solar Foods, og uttrykker slik både redsla landbruksnæringa verda over har uttrykt, og salsargumentet labnæringa like lett tyr til. Det er både føreseieleg og forståeleg at tradisjonelle matprodusentar har uttrykt skepsis til den tilsynelatande ressursuavgrensa laboratorieproduksjonen.
Men må den nye verda vere så svartkvit?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.