JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kveite

Eit lite korn kan få ei stor verd til å skjelve.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
To små strå, med små korn på, må ned i jorda gå, og fleire folder få, så dei vert mat til fleir enn få.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

4234
20220527
4234
20220527

Førre veke skaka India verda litt. Seks prosent auke i prisane på kveite høyrest kanskje ikkje så mykje ut. Men når bakgrunnen er at eit land som eigentleg ikkje plar eksportere kveite, kunngjer at dei ikkje kjem til å gjere det i år heller, seier det noko om kor viktig kveite er for matforsyninga i verda, og kor sårbar den same forsyninga er, nett no for tida.

Lat oss starte med starten. India er verdas nest største kveiteprodusent og har vore det i fleire år. Deira kring 110 millionar tonn årleg vert berre slått av Kinas rundt 130 millionar tonn. EU snik seg rett nok imellom med ein samla produksjon nærast på linje med Kina – men dei består jo framleis av fleire land.

Likevel skreiv eg for berre eit par avsnitt sidan at India til nyleg har vore ein ubetydeleg kveiteeksportør. Og det stemmer faktisk: Det bur rett og slett så mange indarar i India og dei er så glade i å ete kveite at landet har trunge alle kveitekorna sine sjølv.

Det er berre dei siste få åra landet har produsert så mykje kveite at dei har hatt noko å dele med resten av verda. I fjor sende indarane kring 10 millionar tonn kveite ut i verda, og i år hadde dei eigentleg lova endå meir: «Vi har alt nok mat til vårt folk, men bøndene våre har visst planlagt å fø verda», uttalte statsminister Narendra Modi i ei pressemelding så seint som i april.

Dei mette er svoltne

Dersom India hadde levert den planlagde eksporten på 12 millionar tonn, ville dei vorte den åttande største kveiteeksportøren i verda. No kjem truleg ikkje det til å skje. Årsaka er todelt: For det fyrste har ein ekstrem tørke ført til mindre avlingar. For det andre fører høge verdsmarknadsprisar til at India ikkje klarar å halde innanlandsprisane så låge som dei har vedteke at dei skal vere, og difor vil dei ikkje presse prisane endå meir ved å redusere tilgangen.

Handlinga kan likne litt på den europeiske boikotten av Russland: Vi vil gjerne hjelpe dei som treng det – så lenge det ikkje går ut over oss sjølv.

No er det ikkje rart, truleg ikkje eingong egoistisk, av India å prioritere seg sjølv. Tvert om kan ein lure på kva statsministeren eigentleg tenkte då han hevda at India har nok mat til sine eigne – all den tid India var på 101. plass blant dei 116 landa som var med på Global Hunger Index i 2021.

Kveiteproduksjonen i verda burde vere robust nok til å tole at indarar får halde kveiten for seg sjølv. Sjølv om nokre land er store produsentar, er den største kategorien i oversikta over kveiteprodusentar den som heiter «andre»: Mange land produserer litt kveite, og eitt av dei er Noreg.

Billeg norsk korn

Ja, produksjonen av matkveite er blant dei få delane av norsk matproduksjon som har vore i oppgang dei siste 50 åra: Medan vi på syttitalet importerte all matkveiten vår, produserer vi no ein stad mellom 30 og 70 prosent sjølve.

Men mellomrommet mellom 30 og 70 er stort – og vanskeleg å gjere noko med, for kor mykje matkveite vi klarar å produsere, avheng både av storleik og kvalitet på kornhausten kvart einaste år.

For det må ikkje berre vere nok korn. Vi stiller strenge krav til bakverket vårt, og då må det òg stillast strenge krav til råvara: Kornet må ha nok protein av rett type, og det er særleg glutenproteina vi er ute etter – det er dei som får brødet til å heve. Desse proteina må òg vere sterke nok til å tole industriell handsaming. Men karbohydrata – stivelsen – i kornet må òg vere god nok: Kornet skal ha riktig forklistringsevne, som vert målt ved å sleppe ein pinne gjennom ein graut av mjøl og vatn. Denne testen avslører om kornet har høveleg god evne til å absorbere vatn.

Kor mykje slikt korn får vi produsert i år? Det står att å sjå. Kornprodusentar var ikkje taparar, men heller ikkje på nokon måte vinnarar i årets jordbruksoppgjer.

I år kan industrien i alle fall ikkje skulde på prisen om dei vel å ikkje bruke norsk korn: Heile det siste året har den norske kornprisen lege under den internasjonale, sjølv utan importtoll. Då vert det for dumt om låge målprisar fører til tomme matkveiteåkrar det året verda verkeleg treng kveite.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Produksjonen av matkveite er blant dei få delane av norsk matproduksjon som har vore i oppgang dei siste 50 åra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis