Frå matfatet
Kvart år brukar vi milliardar av frø her til lands
Små frø er stor industri, men må han vere for stor for Noreg?
Finn du jordbær, epletre, fiken, tomat og gulrot? Dei er her, alle saman – gøymde i kvart sitt frø. Finn du jordbær, epletre, fiken, tomat og gulrot? Dei er her, alle saman – gøymde i kvart sitt frø.
Foto: Wikimedia CommonsFoto: Wikimedia Commons
Kva vil det eigentleg seie å vere sjølvforsynt? Eg er fullt klar over at sjølv om eg plukkar alle hønseegga eg et, i hønsehuset i hagen min, og ikkje kjøper dei i butikken, kan eg ikkje seie meg sjølvforsynt så lenge eg kjøper brorparten av maten hønene et gjennom vinteren, på Felleskjøpet. Eg kjøper økologisk, soyafritt kraftfôr – noko som vil seie at om ingen av ingrediensane kjem frå ein soyaåker i Brasil, kjem nok dess fleire av dei frå ein kornåker i Tyskland eller Ukraina. Kor lenge er slikt å få tak i?
Hjortekjøtet eg har i frysaren, derimot, har ingen innkjøp direkte inn i kaloribehaldninga. Men kva med patronane eg treng for å skyte dyret? Sjølv jegerar som lagar skot sjølve, treng å få kjøpt kuler og krut på ein butikk for å kome i mål. I ei krigersk tid har prisar på både krut og metall (til patronhylser) auka kraftig, og varene kan til og med vere vanskelege å få tak i.
I ei globalisert verd er dei fleste krinslaup både større og vidare enn vi fyrst ser føre oss, og det er ikkje berre i det private vi kan ha godt av å tenke litt på dette.
Kva med såfrø?
Vi snakkar om beredskapslager for matkorn. Mykje tyder på at Noreg kjem til å etablere eit slikt lager som svarer til landsforbruket i to til tre månader. Men kva med det som må til for å produsere meir korn, og grønsaker, poteter, urter, frukt, bær og endåtil gras på bøane? Fleirtalet av vekstane som utgjer kvardagsmaten vår, er eittårige. Det vil seie at dei må såast på nytt kvar einaste vår. For nokre vekstar trengst det færre frø. Eitt sukkerertfrø, til dømes, eller eitt tomatfrø, lagar ei heil plante som produserer mange produkt, gjerne over ein lengre periode. For andre planter, til dømes gulrot, raudbete og kålrot, må vi så eitt frø for kvar einaste grønsak vi kan hauste.
Kvart år brukar vi milliardar av frø her til lands. Og kor får vi dei frå? Jau, i stor grad frå det store landet vi for å gjere det enkelt kan kalle utlandet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.