Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Krav til lausdrift

Fungerande båsfjøs bør få stå tida si – så lenge kyrne får brukt beitekompetansen sin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tomme båsar: Er det denne framtida småskala-mjølkebonden går i møte?

Foto via Wikimedia Commons

4202
20230210
4202
20230210

Kva er best for kua – å stå på bås eller gå i lausdrift? Det vedtekne svaret er lausdrifta. Alt i 2004 vedtok Stortinget at alle norske mjølkekufjøs skulle vere lausdriftsfjøs innan 2024. Det er neste år, men i 2016 vart fristen endra til 2034. Som kompensasjon fekk alle kyr rett til å kome ut på beite i løpet av året. Beiteretten er på åtte veker for kyr som elles går i lausdriftsfjøs, og tolv veker for kyr i båsfjøs.

Det er elleve år til 2034. Er det då for tidleg å spå korleis norsk mjølkeproduksjon med lausdriftskrav kjem til å sjå ut? Kanskje, men bygge gjer ein ikkje over natta. Fyrst skal det planleggast, så skal det søkast og ikkje minst finansierast. Om vi skal tru avisa Gudbrandsdølen Dagningen (GD), er det ikkje mange i deira dekningsområde – Gudbrandsdalen, med nærare 500 mjølkeprodusentar, og halvparten av dei produserer i båsfjøs – som planlegg å gjere nett det: Avisa har spurt Innovasjon Noreg om kor mange bønder i dekningsområdet deira som har søkt om investeringsmidlar til ombygging eller nybygg den siste perioden, og fått til svar at det er null.

Ingen bønder i Gudbrandsdalen planlegg å bygge om for lausdrift. I heile Innlandet er det ifylgje GD og Innovasjon Noreg berre fem søknader inne.

18–23 milliardar

Ei openberr årsak er tøffare økonomiske tider. Nedgangen i søknadstal er på 80 prosent. Både privatpersonar og næringsdrivande er urolege for framtida. Ein bonde med familiegard i enkeltpersonføretak er begge delar, og endåtil utan sjanse til å ta ut auka investeringskostnader gjennom auka produktprisar.

Innovasjon Noreg gjev støtte på opptil 40 prosent av kostnadene. Resten vert fort mange millionar per gard. Ifylgje Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) vil det samla vere trong for ein stad mellom 18 og 23 milliardar 2021-kroner om ein skal ha alle mjølkeprodusentar i Noreg med vidare inn i den båslause framtida.

Det er på tide å tenkje seg om. Mange vil seie at det har det vore lenge, at kravet om båsfrie miljø i alle fjøs alltid har vore kroken på døra for dei små mjølkeprodusentane. Igjen tal frå Nibio: I Vestland fylke vert 46 prosent av mjølka produsert i båsfjøs. Sju av ti fjøs vil måtte byggast om.

Kor mange av desse vil falle frå? Det skal ikkje mange til før vi vil merke det på sjølvforsyninga. Bondekannibalismen jordbruksoppgjeret forkler som effektivisering, har vore sterk i årevis, men er no på retrett. Mange stader er det rett og slett ikkje jord frå fleire nedlagde gardar å ta over. Skrekkscenarioet med éin bonde i kvar grend er mange stader vorte røyndom, og om denne siste bonden driv i båsfjøs, skjønar du kor vi er på veg.

Beitekrav

Beitekravet som no snart veks frå tolv til seksten veker, er alt ei tøff nok omlegging for mange bønder med tunge dyr, dårleg drenerte marker og utmarksbeite langt frå mjølkeanlegget. Kva om vi i staden retta gulrota inn mot denne delen av dyrevelferda – å gjere det lettare for bønder å sleppe dyra heilt ut? Tilskot til grøfting, til gjerding, til Nofence-klavar – ja, for det finst teknologi som ikkje fyrst og fremst er laga for å auke effektiviteten og etterlikna land med eit anna fortrinn for storskaladrift enn Noreg: Alt i 2017 vart den fyrste mobile mjølkeroboten installert her til lands, til dømes, ifylgje tidsskriftet Betre gardsdrift. Men framleis har vi knapt høyrt om innretninga som truleg kunne gjort det lettare for mange bønder å kombinere beiting med mjølking.

Synest du eg har gløymt kua oppe i det heile? Det finst nok av forsking som syner at kyr har det betre i lausdrift, og så finst det nok av erfaring frå dyktige bønder som klarar å sikre god dyrevelferd i båsfjøs kombinert med luftegard og beiting.

Begge delar bør vektleggast. Skal det byggast nytt, skal det argumenterast godt for å bygge båsfjøs. Men dei fjøsa som står og er bygde med statleg velsigning og pengestøtte for berre ein generasjon sidan, bør få stå tida si ut – med innbyggarar som ikkje er fastlåste der inne lenger enn høgst naudsynt. Noreg har fantastiske føresetnader for å produsere lokal mjølk med glade kyr. Vi må berre klare å legge til rette for det.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis