Frå matfatet
Klimamjølk
Metanreduserande fôrtilsetjing er spanande, men må ikkje stå i vegen for at kyr får vere kyr.
Med auge i magen: Kyr med slike «augehol» i vomma bidreg til forskinga på meir klimavenlege kyr. Her er kronprinsparet på besøk ved NMBU på Ås.
Foto: Lise Åserud / NTB
I løpet av hausten får Noreg si fyrste klimamerkte mjølk for sal i butikk. Det er Q-meieriene som skal tappe ekstra lett mjølk på kartong merkt med «25 prosent lavere klimaavtrykk». Hovudkonkurrent Tine har enno ingen planar om slike produkt i marknaden, men ynskjer likevel Q-meieriene «velkommen etter»: «Det er hyggelig at Q-meieriene har latt seg inspirere av Tines langsiktige forskningsprosjekter», seier forskingssjef Eirik Selmer-Olsen på medlemssidene til Tine.
I røynda kan ingen av dei slå seg på brystet aleine. Når Q kan lansere dette produktet no, er det på grunnlag av eit produkt det opphavleg nederlandske biokjemikonsernet DSM har skapt: ei fôrtilsetjing som, hevdar både dei sjølve og ei rekke forskingsprosjekt i ulike land, kan redusere metanutsleppa frå mjølkeproduksjonen med opptil 30 prosent. Vedundermiddelet har fått namnet Bovaer, men vert ofte referert til med det kjemiske namnet: 3NOP.
Metan
Korleis får dei dette til? Lat oss byrje med å sjå kva det som gjer at fordøyingssystemet til drøvtyggarar produserer metan i det heile: Kyr har fire magar. Av dei fire er det mage nummer éin, vomma, som er den verkelege magien: Her yrer det av liv. Bakteriar, mikrobar og enzym hjelper kua med å bryte ned vanskeleg fordøyelege karbohydrat. Det er difor drøvtyggarar kan ete gras og urter, blad, buskar og kratt og slikt som ikkje vi menneske kan ete.
Diverre er det òg difor drøvtyggarar produserer metan. Di meir tungfordøyeleg fiber det er i fôret til kua, sauen, geita, hjorten eller reinsdyret, di meir metan vert produsert.
Metangass – CH4 – oppstår når bakteriar bryt ned organisk materiale anaerobt – utan luft. I ei vom er det mykje vatn og lite luft, altså godt miljø for karbonatom og hydrogenatom til å finne saman og verte metan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.