JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kan vi legge vekk tanken om at norsk mjølk må vere best i verda for å ha rett til å eksistere? 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Er det noko heilt særskilt med norsk mjølk?

Frank May / NTB

4190
20240216
4190
20240216

Kvifor skal vi betale meir for mat produsert i Noreg? Desse spørsmåla har vore diskuterte litt ekstra ivrig i det siste. Etter at vi har gått frå for mykje egg og mjølk til for lite egg og mjølk, har det atter ein gong vore diskutert om norsk landbruk er verdt dei 20 milliardane det kostar oss i subsidiar.

I Debatten på NRK førre veke vart mellom andre leiaren i Tines avdeling for mjølkeråvare, Johnny Ødegård, stilt fylgjande spørsmål av Fredrik Solvang kring bruken av tysk mjølkepulver i norsk yoghurt: Smaker tysk mjølkepulver annleis enn norsk? Kunne norsk yoghurt vore laga av tysk mjølkepulver utan at vi ville merka skilnad?

Ødegård svara at det tyske mjølkepulveret er av god kvalitet, men at vi då ikkje ville fått den mjølketryggleiken vi har i dag. Solvang følgde opp med å spørje retorisk om det er noko heilt særskilt med norsk mjølk – og Ødegård svara «vi liker å tru det, ja».

I etterkant av debatten har mange i sosiale medium hevda at han burde svara eit rungande «ja», og at han ved å svare som han svarar, undergrev det norske jordbruket: Ein kan jo ikkje vente at forbrukaren skal betale meir for norsk mat om ikkje næringa sjølv kan gå god for kvaliteten ved ho, vert det hevda.

Men heng det argumentet eigentleg på greip? Er det difor vi skal produsere mat i Noreg – fordi vi kan produsere han best?

«Den viktigaste grunnen til å halde norske mjølkebruk i drift er faktisk å bidra med vår del til det globale matbordet.»

Solidaritetsmjølk

Kva skal då alle dei andre landa gjere? Dersom verdas beste mjølk er ein objektiv storleik og vi deler ut denne prisen på nasjonalstatnivå, er det berre eitt land i verda som kan produsere verdas beste mjølk. Skal alle andre land då slutte å produsere mjølk? Det seier seg sjølv at det er ein dårleg metode å sørgje for at alle menneske i verda har nok mat.

Men det er då heller ikkje ansvaret til norsk jordbruk, spør du kanskje – vi får ta ansvar for oss sjølve? Og om mjølka vår er så sabla dyr å produsere, bør vi ikkje då forvente at ho er litt ekstra god?

Norsk mjølk kan godt vere – og er – god. Ikkje minst bør det helst vere skilnad på den norske og den tyske mjølka, slik Solvang etterspurde, fordi dei vert produserte under ulike forhold.

Norske mjølkebønder har ikkje direkte ansvar for at tyske born får tak i mjølk, men den viktigaste grunnen til å halde norske mjølkebruk i drift er faktisk å bidra med vår del til det globale matbordet. Johnny Ødegård sa det ganske greitt litt lenger ut i intervjuet med Solvang: «Poenget med norsk mjølk er å foredle norske grasressursar.»

Dersom norske grasressursar ikkje vart nytta til matproduksjon, ville ikkje dei kaloriane eksistere i det heile. Kvifor er ikkje dette høgst på agendaen? Norsk matproduksjon er solidaritet i praksis. Difor skal vi ha han, sjølv om han ikkje er best i verda, og av og til gjer små feilsteg.

Nokon hevdar norsk matproduksjon står i vegen for billeg mat. Men har vi eigentleg noko alternativ?

Foto: Svein Gjerdåker

Mjølk med grassmak

Årsaka til at vi har for lite mjølk nett no, er at for mange bønder har gitt opp ein produksjon som ikkje lønner seg – og som dei er redde for vil lønne seg stadig mindre framover mot lausdriftskravet som kjem i 2034. Dette er årsaka til at vi har for lite mjølk – og for mykje storfekjøt. Kyr vert slakta.

Skal vi gjere noko med det, må vi betale meir for mjølka. Aller helst på ein måte som gjer at den norske mjølka vert litt annleis enn den tyske – fordi det er det ho vil verte om vi nyttar grasareala våre fullt ut. Norsk mjølk er best og mest solidarisk om ho baserer seg på norsk gras, ikkje importert kraftfôr.

Om ho vil verte betre eller dårlegare, er for det fyrste ei smakssak, for det andre mindre viktig enn at ho vert produsert i det heile tatt. At vi i Noreg har forhold som gjer at vi kan bruke mindre antibiotika per produsert mjølkeliter enn dei gjer i Tyskland, er bra, men bør faktisk ikkje vere det viktigaste norske mjølkesamvirke sel mjølka si med: Vi mjølkar fordi vi kan. Når vi gjer det så godt som mogleg, er det godt nok – uansett korleis det kjem ut på premiepallen.

Dei som meiner det er for dyrt, får flytte til eit land med lågare kostnader. Eg ser inga anna løysing.  

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis