JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kakepulver

Av og til er det lite å spare på å vere rask.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kaker høyrer med, om dei så kostar både kroner og kaloriar, men dei treng ikkje koste meir enn nødvendig.

Foto via Wikimedia Commons

3988
20230421
3988
20230421

«Advarer: – Verdens dyreste melis», skreiv Dagbladets Din side nyleg, og skribenten heldt sjølvsagt fram med eit «sjokk»: Toros glasurmikspose Ostekrem, som kostar 152 kroner per kilo, inneheld i all hovudsak melis, som kostar 33 kroner per kilo, fortel den «sjokkerte» tiktokaren Line Bråten.

Om vi ikkje treng å bruke dei same orda, kan Frå matfatet seie seg samd i konklusjonen: Toros Ostekrem inneheld rett nok bitte litt ekte vanilje og temmeleg mykje meir (men framleis lite) syntetisk aroma, som set sitt preg på smaken, men i all hovudsak er ein pose med glasurmiks, der du sjølv må sette til både kremost og smør, juks og fanteri.

«Så enkelt», skriv Toro på posen: Berre pisk saman kremost og mjukt smør, og rør inn innhaldet i posen, og vips, så har du gulrotkakeglasur – akkurat som dei ikkje veit, eller har gløymt, at det same kan gjerast like enkelt ved å bruke melis frå ein melispakke og vaniljesukker frå ein vaniljesukkerpakke.

Éin ting hadde likevel vore om Toro Ostekrem var aleine om dette «enkelt»-fanteriet. Det er dei ikkje. Lat oss ta eit dykk inn i posekakeverda.

Tørrvarepose

Merkevara til Norgesmøllene, Møllerens, har to sjokoladekakevariantar på produktrepertoaret: ei klassisk Sjokoladekake for stor langpanne og Brownies. Begge har det til felles at dei er utan mjølk og egg – noko dei sjølv hevdar er ein fordel, av di ein då kan lage kaker utan nettopp mjølk og egg, altså eit allergivenleg alternativ – bortsett frå at det bak på pakken står at innhaldet kan innehalde «spor av egg, melk», noko som for dei aller fleste ikkje er noko problem, så sant du ikkje er allergikar, då, og ikkje toler dei små spora av ei råvare som kan hamne i eit produkt som vert produsert i lokale der til dømes mjølk og egg vert brukte.

Det allergivenlege alternativet dett altså vekk, og attende sit vi med ei kakeblanding som i praksis er ei tørrvareblanding: Her er mjøl, sukker, kakao, hevemiddel, salt og vanilinsukker, og det er jo noko, det, men ikkje meir enn råvarer dei fleste har heime, og som det tar mellom eitt og to minutt å blande saman på kjøkkenet.

Regals Klassisk Brownie er mykje det same: ei mjølblanding der du sjølv må sette til smør, egg og vatn, medan posen inneheld tørrvarene.

Kva har desse varene til felles, forutan å vere tørre? Jau, at dei er både den billegaste og den mest haldbare delen av kakebaksten. Ein pose Brownies-miks frå Møllerens kostar 61,50 kroner per kilo hjå Oda. Eit kilo kveitemjølk kostar 13,45 kroner, ein boks bakepulver 22,90 kroner (91,60 per kilo), kakao kostar 116 kroner og sukker 24 kroner kiloet. Vaniljesukker er det mogleg å finne i dei fleste priskategoriar, men her er Regal faktisk ærlege nok til å innrømme at dei nyttar vanilin, og vanilinsukker (som av ein eller annan grunn får lov til å heite Vaniljesukker på boksen til Freia) kostar 121,14 kroner per kilo.

Halve prisen

Eit kjapt reknestykke ut frå brownieoppskrifta på Matprat.no syner at å kjøpe ingrediensane reduserer kostnaden med drygt 50 prosent: Eg hamnar på 28 kroner i tørre ingrediensar. Det vil seie at eg får egga og smøret gratis om eg blandar sjølv, jamført med å kjøpe posen frå Møllerens.

Og det er dette som er poenget: Eg kritiserer ikkje posekaker for at du skal vere flau over å kome med torokake på sommaravslutninga til korpset eller late vere å ta med kakeposar på hytta neste påske. Posekaker er gode kaker, det er ikkje verken status eller smak dette handlar om, det handlar om kroner, øre og kva du får att for pengane når du går i butikken og handlar. Om du kjøper ein pose glasurmiks, til dømes, som tek deg kanskje 30 sekund lengre tid å lage enn den same glasuren utan miksepose, kostar dette halvminuttet deg 119 kroner – eller ei timeløn på 14.280 kroner.

Kva sit vi att med då? Lag posekaker når det høver best, men lat då vere med å klage på matvareprisane. Førestillinga om posekaker som eit spareprodukt kastar vi rett på skraphaugen.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis