Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Jordbruk for ei dyr tid

Visste du at det er mogleg å produsere mat utan å bruke kunstgjødsel?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nei, det er ikkje godt å sjå om kveite og mais er økologisk dyrka. Likevel kan det utgjere ein skilnad.

Foto: Pxhere.com

4389
20220401
4389
20220401

Dersom du lurte: Det nyttigaste ein nordmann har vore med på å sende ut i verda, er omnen Kristian Birkeland og Sam Eyde bygde ut frå Birkelands oppdaging av at ein elektrisk lysboge i eit magnetisk vekselfelt vert spreidd ut til ei skive.

Nei, eg skjønar ikkje akkurat kva det inneber, men det er denne oppdaginga, som var del av Birkelands nordlysforsking, som var starten på det vi i dag kjenner som kunstgjødsel. Lysbogen, og omnen Birkeland bygde saman med ingeniøren Sam Eyde, klarte å skape nitrogen og oksygen i lufta om til nitrogenoksid som ein kunne kapsle inn og selje som pellets som auka avlingar monaleg. Slik fekk verda meir mat då ho verkeleg trong det: Tida var tidleg 1900-tal, og om vi skal tru noverande Yara, dåverande Norsk Hydro, berga oppfinninga livet til 2,7 milliardar menneske.

No, over hundre år og massevis av teknologiske nyvinningar seinare, er vi framleis heilt avhengige av kunstgjødsel for å fø verda. Rett nok brukar vi ikkje Birkeland–Eyde-metoden lenger – nitrogen vert no henta ut av lufta ved å få stoffet til å reagere med hydrogen etter Haber–Bosch-metoden. Men framleis er det knappleik og høg pris på kunstgjødsel som skapar overskrifter som «Rekordhøye matpriser: Frykter global matkrise» og «Største prishopp på mat på over 40 år».

Prishopp

Kunstgjødsla er no over dobbelt så dyr som ho var i haust, og bønder over heile landet tel på knappane: Skal dei kjøpe altfor dyr gjødsel, eller skal dei redusere – kanskje så langt som halvere – produksjonen?

Ja, for om du berre droppar å gjødsle jorda di, vil ho produsere mindre. Dette er enkel biologi: Jorda treng næring for å gje næring attende. Men i diskusjonen, oppheta og stressa som han er, kan det verke som om kunstgjødsel er den einaste måten å halde oppe produksjonen på. Og det er jo heldigvis langt frå sanninga.

For vi har, både i Noreg og i resten av verda, framleis noko vi kallar økologisk jordbruk. Vi kan byrje med å seie at det var slik vi dreiv matproduksjon før Birkeland og Eyde kom på bana: Folk dyrka jorda og prøvde å halde ho i så god stand som mogleg, men utan bruk av kunstgjødsel.

Når eg har byrja slik, vil du raskt arrestere meg ved å spørje om det ikkje var denne typen dyrkingsmetodar som nærast sende verda ut i hungersnaud alt for hundre år sidan?

Og då må eg jo gje deg rett, men halde fram diskusjonen, for økologisk landbruk har alltid vore noko heilt anna og mykje meir enn berre fråvær av kunstgjødsel.

Like avlingar i 40 år

Det grundigaste dømet på kva ein kan få til utan bruk av fossilt framstilt gjødsel, er å finne på Rodale Institute i Pennsylvania i USA. Sidan 1981, og framleis, har Rodale Institute drive side-ved-side-dyrking av korn- og grasvekstar i økologisk og konvensjonell drift. Åkrane ligg side ved side og får same handsaming av omgjevnadene, same mengde sol, vind, regn og temperatur. Ifylgje gjeldande vitskaplege paradigme skal då dei økologiske åkrane produsere mindre – det er nemleg ingenting som slår kunstgjødsel for å maksimere avlingar. Men resultatet Rodale Institute publiserer, er eit anna: I snitt har både økologiske vekstar gjødsla med husdyrgjødsel og konvensjonelle vekstar gjødsla med kunstgjødsel produsert kring fem tonn per hektar årleg.

Rodale Institute er sjølvsagt berre éin stad, sjølv om eg kunne presentert monaleg fleire døme på at økologisk jordbruk kan gje like gode avlingar som konvensjonell produksjon dersom ein legg like mykje arbeid inn i det. Hjå Rodale har dei utvikla maskiner og teknologi som fungerer for dyrkingsteknikkane deira. Vi må forske på gode, økologiske praksisar for nærområdet vårt dersom vi skal sjå gode, økologiske resultat over tid. Det tar mange år å sette slike praksisar i drift – og det er berre frå du veit kva som fungerer.

Med andre ord er det ingen som meiner at vi skal kutte kunstgjødselbruk flatt i komande jordbruksoppgjer. Men dei fleste som er opptekne av å halde norsk matproduksjon nettopp produserande, bør vere opptekne av at vi finn så gode og mange alternativ til kunstgjødsel som vi kan, så fort vi kan. Ikkje for å forlate meisterverket Birkeland og Eyde ein gong skapte, men for å kunne nytte det der det trengst, ikkje fordi vi ikkje har noko alternativ.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi har, både i Noreg og i resten av verda, framleis noko vi kallar økologisk jordbruk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis