Frå matfatet
Iskrem
Dei ropar «Nyhende! Nyhende!» så høgt dei kan, men er det eigentleg så nytt, det dei kjem med?
Kva for ein is har ein eigentleg lyst på? Er det noko nytt og spanande eller noko trygt og kjent og godt i år?
Foto: Heiko Junge / NTB
Endeleg – men likevel i god tid før 17. mai – er dei her: dei nye småiskremane.
Ja, for kva var vel sommaren utan endelause heite, tørste og søtsugne stunder hengande over ein frysedisk medan ein prøver å bestemme seg for kva for ein is ein eigentleg, djupast nede og i botnen av sjel og mage, har lyst på? Er det noko nytt og spanande eller noko trygt og kjent og godt?
Det fyrste ein må gjere, er gjerne å definere om ein vil ha saft- eller mjølkeis. Men sjølv ikkje det treng vere så enkelt lenger: I år lanserer til dømes Diplom-Is Lollipop Pæresplitt – med vaniljeis inst, fruktis med pæresmak over og sjokoladetrekk ytst.
Høyrest det freistande ut? For min del må eg innrømme at det gjer meg mest forvirra – både over den frekke kombinasjonen av saft og mjølk og over kva pæresmak eigentleg har med Lollipop å gjere. Ja, for Lollipop-isen er jo ein institusjon – produsert med same appelsin- og bringebærsmak og sjokoladetopp sidan 1966 – då heitte han rett nok Thor-is, men forutan namnet har altså lite endra seg – før no.
Breier seg
Det som har skjedd no – eller i det minste dei siste åra – kan ein ikkje skulde Lollipop for, ikkje eingong Diplom-Is eller i og for seg isbransjen i det heile, sjølv om fenomenet er ekstra synleg nett her: Den enorme merkevarebygginga, der det meste som vert lansert som nytt, ikkje eigentleg er det, men berre ein variant av noko som alt eksisterer, har lagt si klamme og uoppfinnsame hand over produktkategori etter produktkategori.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.