JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Iskaffi

Nokon driv iskald berekning på vår kostnad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Litt meir enn kaffilars: Iskaffi kan vere forskjellig, men for mykje er sjeldan bra her heller.

Foto: Pxhere.com

4271
20220610
4271
20220610

Om eg les av temperaturen her eg er akkurat no, skulle ein ikkje tru det var iskaffisesong – her kjennest det meir som kakaosesong. Samstundes veit eg at andre sit og sveittar og drøymer om noko kaldt og oppkvikkande – og då er det lite som slår ein iskald og koffeinrik iskaffi.

Sjølv likar eg iskaffi best utan sukker – det bitre i kaffien tiltalar meg – men eg veit at ein sukra variant er mest vanleg. Nokre tillèt seg ein god dæsj sjokolade i koffeindrikken, og han kan stæsjast opp med alt frå piska krem til karamellsaus, iskrem og sprit – alt etter smak og trong for kaloriar og kos.

Meir komplisert enn dette burde ikkje ein kald kaffi vere: Kva har eg lyst på, og kva av det kan eg få til. Likevel byr varianten vi skal sjå nærare på i dag, på heilt andre utfordringar.

Merkelaus kaffi

I iskaffihylla på Coopen min har det nemleg dukka opp eit par kartongar som skil seg frå dei andre variantane. Fyrst kunne eg ikkje heilt sette fingeren på kva det var, men den rosa og den lyseblå drikkeboksen var annleis enn begera frå Tine, Starbucks og Alpro. Iskaffe Cappuccino stod det på den rosa og Wiener Iskaffe på den blå – og med eitt slo det meg: Det som er annleis, er at det ikkje står noko meir. Her er inga merkevare og heller ingen produsent.

Hm, tenker eg. Nokon har jo laga denne vara? Eg byrjar å leite i den vesle skrifta og finn at iskaffien er «Förpackad i Tyskland för Geia Food A/S, Fuglevænget 9, KD-9000 Aalborg».

Geia Food, altså. Aldri høyrt om. Har du? Det skal truleg litt til: Eit søk på Geia Foods i det digitale mediearkivet A-tekst gjev berre 21 treff dei siste tre åra – og dei som ikkje kjem frå bransjemagasin, gjeld funn av etylenoksid i ein Paw Patrol-is som firmaet selde i fjor.

Bransjebladet Dagligvare­handelen fortel oss at iskaffien til Geia Food har fått fast listing hjå fleire kjeder. Geia Food distribuerer òg energidrikken Døds Energy, som ifylgje same avis skal «Erobre verden», og hjå Rema 1000 lanserer dei i desse dagar ei vegansk fiskekake – altså ei fiskekake utan fisk – som denne spalta truleg vert nøydd til å kome attende til seinare.

I dag lyt vi sjå nærare på eit oppslag i Finansavisen 14. mai 2021, for her står det meir om Geia Food enn kva produkt dei lanserer. Det står rett og slett at «Geia Food beskrives som ledende leverandør av dagligvarekonsepter i Skandinavia».

Dette står for så vidt òg på nettsida til Geia Food, men der fekk eg ingen vidare informasjon om kva ein «leverandør av dagligvarekonsepter» eigentleg er. Men Finansavisen forklarar: «Virksomheten fungerer som et verdiskapende bindeledd mellom dyktige dagligvareprodusenter og kunder innenfor detalj- og food service-sektoren.» Geia Food produserer ingenting, men formidlar produkt mellom produsentar i mange land og daglegvarekjeder.

Det er til dømes Geia Food som har utvikla Rema 1000s osteserie «En verden av oster», fortel Finansavisen. Og iskaffien hjå Coop klarer eg, ved hjelp av det ovale stempelet med EMB-koden DE HE-001 EG, å spore til det tyske meieriet Immergut i småbyen Schlüchtern litt nordaust for Frankfurt.

Fordyrande

Immergut har kring 170 tilsette og ei omsetning i 2021 på kring 462 millionar kroner, finn eg ut. Bak den omsetninga ligg det 60 millionar liter mjølk og 1500 andre råvarer.

Geia Food, på si side, har kring 120 tilsette i Skandinavia og omsette i 2020 for over 2 milliardar danske kroner. I skrivande stund er det over 2,7 milliardar norske. Det har dei altså fått til utan å framstille ei einaste råvare. Dei har ikkje laga eitt einaste matvareprodukt, men kvar einaste krone dei har tent, har kome inn over skandinaviske kassalappar.

Er det rart mat vert dyrare og dyrare medan råvareprodusentar sit att med mindre og mindre? Er det rart eit fleirtal på Stortinget krev betre kontroll med maktforholda i verdikjeda for mat? Vi snakkar mykje om for høg maktkonsentrasjon i produsent- og butikkledd, men kva med alle mellomledda? Dersom Geia Food er «ledende leverandør av dagligvarekonsepter», så vil det seie at det finst fleire slike leverandørar der ute. Kor mykje av summen på kassalappen stikk dei eigentleg av med?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I iskaffihylla på Coopen min har det dukka opp eit par kartongar som skil seg frå dei andre variantane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis