Frå matfatet
Hjortekjøt
Har du høyrt om hjorten som reiste kring halve jorda for å kome til eit daglegvarefryseskap?
Heilt opp ned: I Noreg gjerdar vi hjorten ute, men i New Zealand, verdas største vilteksportør, gjerdar dei han inne.
Foto: Wikimedia Commons
Så var hjortejakta over for denne gongen. I Noreg har jaktsesongen auka i takt med storleiken på dyrestammen, slik at ein no kan jakte på hjort i store delar av Noreg frå 1. september til og med litle julaftan.
Men no er det altså kviletid. Kollene skal gjere seg klare til kalving til våren, bukkane skal kvile ut etter ein slitsam brunsperiode og jegerar og grunneigarar skal ete opp alt kjøtet som har kome i hus. For jaktåret 2022 var det tildelt 76.895 hjorteløyve. Om vi reknar med at ikkje alle løyva vart nytta, og ei gjennomsnittleg slaktevekt på moderate 38 kilo, endar vi på over 2500 tonn slakta hjort.
Det er mykje mat å formidle, foredle og ete opp. Framleis vert store delar av denne formidlinga utført i uformelle nettverk. For norsk hjortekjøt er ikkje lett å få tak i i norske daglegvarebutikkar. Å sjå stykkingsdelar av hjort der er sjeldan – rett og slett fordi det ikkje er eit system for å få hjort frå jeger til forbrukar – få godkjente viltmottak, få kjøtforedlarar som er interesserte i å ta imot, nyttiggjere seg og utvikle råvara.
Hjortekjøt kan eg likevel få kjøpt. På min lokale Coop sel dei for tida hjortekjøt frå New Zealand.
Verdas største
Pakningen er merkt med Wulff & Co., som syner seg å vere ein erfaren kjøtimportør med vilt frå heile verda som hovudråvare. Hjortekjøtet har ikkje kome strake vegen, då. Pakningane har det ovale sporingsmerket, og i det står det «NL 5939 EG», eit nummer som fører meg til Nederland. Det siste foredlingsanlegget hjorteprodukta til Wulff & Co. var innom, var fabrikken Luiten Food B.V. om lag midt mellom Amsterdam og Rotterdam.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.