Frå matfatet
Gulrot
Rota heng framleis på greip, men det er det lite anna som gjer.
Med jord på: Gulrøter kjem frå jorda, men systemet dei vert tatt opp i, kan framstå som temmeleg unaturleg.
Foto: Kent Skibstad / NTB
Kven er det som ikkje likar gulrot? Den strengt tatt meir oransje enn gule rota fell i smak hjå dei aller fleste – anten ho no er kokt eller rå, raspa eller skoren i stavar, bakt i omnen, lagd i matboksen eller eten heil – gulrot er ein kjend, kjær og trygg kamerat i norske kjøleskap og magar.
Ja, vi har endåtil ganske så god sjølvforsyning på gulrot: I 2021 kom vi heilt opp på 94,5 prosent. Ifylgje Opplysningskontoret for frukt og grønt importerte vi berre 2223 tonn gulrot det året, medan vi produserte 38.220 tonn sjølve – 1500 tonn meir enn året før.
Klarer vi å slå til med endå større avling, endå høgare sjølvforsyningsgrad i år? I eit år med ei regjering med uttalte mål om både å auke sjølvforsyningsgrada og å satse på auka produksjon av frukt og grønt innanlands?
Nei, det ser diverre dårleg ut. Gulrota har vore i medievinden den siste veka, men ikkje med positivt forteikn: Der Klassekampen melder om produsentar i Nord-Noreg som ikkje får levere til daglegvarekjedene fordi samvirka meiner marknaden er metta, fortel NRK om gulrotprodusentar i Rogaland som vurderer å pløye ned avlinga si fordi straumkostnadene ved å ha gulrøtene på kjølelager er høgare enn prisen dei får for produktet.
Utan mottaksplikt
Heng du med? Heng det på greip? Har ikkje bøndene fått straumstøtteordning – eller burde ikkje bønder nordafor med billeg straum få sleppe til? Lat oss sjå litt nærare på norsk gulrotproduksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.