JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Granateple

Manglar du sommarjobb? Eg kan ha eit tips til deg. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Søte er dei, og heng godt fast. Kan vi likevel forsvare å verte eit folk som ikkje har tid å reinske granatepla sine sjølve eingong?

Foto: pxhere.com

4191
20230707
4191
20230707

Brukar du granateple i matlaginga di? Dersom svaret er nei, kan eg avsløre at frukta som ser steinhard og tørr ut på utsida, er temmeleg annleis inni. Kjernane som sit tett og tett mellom kvite veggar, er både saftige og smaksrike.

Heilt kvardagsleg er det likevel ikkje her til lands. Men om granateplet, som ikkje er i familie med eple, men derimot har ein familie om lag heilt for seg sjølv (den einaste andre medlemmen, Prunica protopunica, er berre å finne på øya Sokotra i Jemen), er eit temmeleg nytt medlem av det gastronomiske noregskartet, har det ei monaleg mykje lengre historie i andre delar av verda. Kring Middelhavet har det nemleg vore funne granateplerestar i miljø som er daterte attende til den seine bronsealderen.

No tvilar eg sterkt på at dei på den tida fekk kjøpt granateple i den forma vi skal snakke om i dag. Heile årsaka til at denne spalta handlar om akkurat granateple, er nemleg at eg førre veke kom over eit nytt produkt på min lokale Kiwi: granateplekjernar frå Bama. Jepp, rett og slett granateplekjernar ferdig plukka og pakka i plastpakningar på 80 gram. Kvar pakning kostar 34,90 kroner – noko som svarar til ein kilopris på 436 kroner og 25 øre.

Reinsketeknikkar

Tanken bak produktet er grei nok å forstå: Når eit engelsk søk på «korleis reinse granateplekjernar» gjev 17,6 millionar treff, er det fordi granateplet har rykte på seg for å vere vanskeleg å reinse. Kjernane sit litt fast mellom støtteveggane, og desse støtteveggane kan henge fast i kjernane og verte med opp i salaten og ikkje smake så godt.

Eg skal ikkje ta på meg å ha bladd gjennom alle dei millionane treffa, men eg trur likevel eg kan oppsummere dei ganske kjapt: fyrst dele granateple i to og så enten banke det på baksida med ein pinne for å få kjernane til å losne eller senke heile greia ned i ei skål med vatn og reinse det der. Med den sistnemnde metoden vil nemleg kjernane søkke til botnen, medan bosset flyt på toppen og kan fjernast.

Litt pirk er det altså. Litt griseri kan det òg verte. Men likevel: 436 kroner per kilo – når eit granateple med skal kostar 36,90 kroner på den same Kiwi-butikken den same dagen? Skal tru om det ligg ein liten forretningssjanse her, graven inn i granatepleskal? Kan eg plukke granateplekjernar godt nok og fort nok til å lage meg ein aldri så liten sommarjobb?

Eg kjøper eit granateple, tek det med heim på kjøkkenbenken, finn fram stoppeklokka og kjøkkenvekta og går i gang.

Forsking

Granateplet veg 400 gram med skal og har altså ein kilopris på 92,25 kroner per kilo. Utan nokon fancy metodar – eg deler berre granateplet i fire og plukkar kjernar med reine fingrar – brukar eg femten minutt på å reinske det. Då sit eg att med 190 gram granateplekjernar – noko som gjev ein råvarepris på dei ferdigreinska kjernane på 194 kroner per kilo.

Om eg trekker råvareprisen frå salsprisen på 436,25 kroner per kilo, sit eg att med 242,25 kroner per kilo som eg kan ta ut i løn. Sidan eg brukar om lag éin time og eit kvarter på å plukke eit kilo kjernar, gjev det meg ei mogleg timeløn på 193,80 kroner. Det er ikkje akkurat like mykje som eg tener i timen på å skrive denne spalta, det skal eg innrømme, men kanskje hadde det likevel vore nok til å leve av ein kort periode?

No er det sjølvsagt ei heil røys med faktorar eg ikkje har tatt omsyn til. Dei fyrste som dukkar opp, er utgifter til emballasje og transport til marknaden – så kjem det moms og sikkert arbeidsgjevaravgift og forsikringar og marknadsføring og ei heil rekke utgifter eg ikkje har tenkt på, og som eg heller ikkje treng å tenkje på, for eg har sjølvsagt eigentleg ikkje tenkt å gå inn i granateplekjerneplukkebransjen. Eg gjorde forsøket for å finne ut kor stor avanse Bama eigentleg har på å selje ferdigplukka kjernar på små boksar framfor å selje heile granateple.

Eg trur vi kan verte samde om at den avansen er ganske stor. I tillegg til prispåslaget må vi òg legge til eit plastpåslag – granateplet i seg sjølv treng ingen plast, dei ferdigsorterte kjernane treng mykje. Og kven vil gjette på kor dei held seg lengst? I skalet naturen har gjeve dei, eller i plastikken frå Bama?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis