JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Genmodifisert mat

GMO har andre problem enn vår norske helse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette mennesket protesterer ikkje mot genmodifisert matproduksjon fordi det gjer henne sjuk, men fordi det kan gjere verda sjuk.

Foto: Laurent Gillieron / Keystone via AP / NTB

4281
20220408
4281
20220408

Nyhendebiletet er uføreseieleg for tida. Ein ting er det ørvesle ikkje-krigsnålauget, det er forståeleg. Nei, eg snakkar om kva som slepp gjennom det nålauget. Kor mykje merksemd det får når ein Hollywood-kjendis smekkar til ein annan. Eller: Kva som får merksemd fordi det på ein eller annan måte kan lenkast mot krigen.

Det var NRK som trudde dei sleppte ei bombe førre veke. «Ukraina-krigen utfordrer Norges nei til genmodifisert mais» var hovudsak i nyhendoppsummeringa på morgonkvisten. I røynda hadde dei berre funne ein professor som var viljug til å seie at dersom importen av mais frå Ukraina stoppar, kan vi verte nøydde til å importere genmodifisert mais.

Sjølv om journalistane bak saka prøver alt dei kan å få det til å høyrast ut som om det er vi menneske som skal ete maisen – gjennom å bruke maisinnehaldande rettar som taco og gryterett som døme – må dei innrømme at det er mais til kraftfôr til dyr det dreier seg om her.

Nyhendenedskaleringa stoppar likevel ikkje her. For det som gjer det heile endå mindre imponerande, er at vi i praksis alt har gjort dette i årevis.

Eit nyttelaust forbod

Vi har forbod mot import av genmodifiserte organismar (GMO) til Noreg. Men dette forbodet gjeld berre i eitt ledd – det som er direkte genmodifisert. Å importere næringsmiddel som er produserte med utgangspunkt i GMO, er altså ikkje forbode, men derimot heilt lovleg – og vert gjort kvar einaste dag.

For kvar einaste dag importerer vi animalske produkt frå EU til Noreg. Ost, yoghurt, kjøt, produkt av egg og ulike ferdigvarer kjem frå alle krikar og krokar i den europeiske unionen og hamnar i alle krikar og krokar av vårt langstrekte, GMO-fiendtlege land. Og korleis er desse animalske produkta produserte, trur du? Jau, i all hovudsak ved hjelp av minst éi genmodifiserte råvare på fôrsetlane.

Landbruket i EU brukar over 30 millionar tonn soyabønner kvart år til husdyrhaldet sitt. Over 90 prosent er importert, og så å seie all denne importen er genmodifisert.

Då er det nesten ikkje til å kome unna at den vesle, runde Babybel-osten, den store, runde danske salamien eller den blendande kvite mozarellaosten du kjøper på butikken, er laga av mjølk eller kjøt frå dyr som har ete fôr iblanda genmodifiserte soyabønner.

Tryggast på eigarsida

NRK-journalistane har gjort jobben sin grundig og tatt turen heilt ut på gata for å høyre kva folk flest synest om å møte GMO i butikken. Dei er skeptiske: «Det er jo en risiko ved å spise det. Vi vet ikke hvilke virkninger det har for oss», er det ein som seier.

Og det har han jo rett i. Det meste vi et, er risikofylt – det er til dømes umogleg å seie kva for ein glasurdyppa frityrsmultring som utløyser diabetesdiagnosen. Men truleg er det likevel berre éi side som er tryggare i GMO-jordbruket enn forbrukarsida – og det er eigarsida.

For er det nokon som tener stort på at verda har gjort seg avhengig av genetisk modifiserte soyabønner og fôrmais, er det eigarane av patenta på dei genetiske modifiserte produkta. Dei heiter stort sett Monsanto, i ei eller anna form, og har ordna seg slik at dei eig både patenta på frøa og ugrasmiddelet frøa er genetisk modifiserte til å tole (Round Up).

Kvart år må bøndene kjøpe nye frø frå Monsanto, sidan det å spare frø frå eiga avling er brot på patentrettane til Monsanto. Så, for å få desse frøa til å yte maksimalt, må dei kjøpe ugrasmiddel frå same leverandør – meir og meir ugrasmiddel etter som ugraset ven seg til å verte utsett for dei same giftstoffa år etter år i ein endelaus monokultur, og difor vert resistente og må ha meir og meir Round Up.

Det vesle som er att av den utarma jorda, vert etter kvart så metta med Round Up at stoffet samlar seg opp i soyabønnene og maiskorna, som så vert fôra til dyra, som absolutt ikkje har så godt av det.

Dette er problema med genmodifisering. Med andre ord er det ein liten del av problemet som råkar oss forbrukarar her oppe i nord – anten vi no kan importere mais frå Ukraina eller ikkje.

Det vil ikkje seie at vi ikkje skal bry oss. Det skal vi i aller høgste grad. Vi skal berre bry oss for nokon andre, ikkje for vår eiga helse. Om vi finn tid og rom til slikt.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvar einaste dag importerer vi animalske produkt frå EU til Noreg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis