JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Geitemjølk

Paradoksa står i kø i matproduksjonsdebatten for tida – og det er ikkje ein god ting.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gamalt og nedprioritert: Det er ikkje mange nye bilete av geiter i NTB-arkivet, og kanskje seier det sitt om korleis næringa vert verdsett.

Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB

4312
20230512
4312
20230512

Det er temmeleg surrealistisk å fylgje debatten kring norsk matproduksjon for tida, sjølv om vi ikkje eingong prøver å forstå talgrunnlaget som forklarar – forvirrande? – kor mykje (eller lite?) bønder tener.

På den eine sida syner det seg at Noregs mest lønsame firma, Equinor, ikkje tek seg råd til å kjøpe norsk kjøt til dei som jobbar på dei norske plattformene sine. Sokkelen forbruker to tonn kjøt kvar dag, melder NRK, og sidan dei har tollfritak, kjem kring 80 prosent av kjøtet frå stader utanfor Noreg. Årleg vert det 584 tonn importkjøt, og vi kan samanlikne med den samla produksjonen av kjøt frå geit og kje her i landet – han var på 340 tonn i 2021.

På den andre har vi ein sentral storbypolitikar som hevdar at vi kunne fått stordriftsfordelar dersom til dømes 20 gardar slo seg saman til felles drift: «Mange som sliter seg ut i små fjøs kunne feks blitt helsearbeidere og lærere», skriv Fabian Stang på Facebook, og gløymer at dei aller fleste bønder alt er helsearbeidarar eller lærarar eller har andre yrke ved sida av.

Eg lurer og på om han verkeleg meiner vi bør ha totalt 50 mjølkeprodusentar i Vestland fylke – det er rett over éin per kommune – og at kvar av dei ville måtte ha bortimot 500 aktive mjølkekyr, i tillegg til plass i fjøset til kalvar og ungdyr. Syn meg den vestlandsbøen som kunne tole at alle desse dyra skal få kome ut og beite, Fabian Stang, og eg skal syne deg at det ikkje kjem til å gå likevel.

Ja, og på den tredje sida, den vi kallar innsida, melde Nationen nyleg om eit geitebruk i bygda Leksvik i Trøndelag som fekk tilbod om betaling frå Tine for å kaste geitemjølka dei produserte.

Får betalt for å slå ut

Då Leksvik, som ein gong var kjend som ei skikkeleg geitebygd, sat att med berre éin geitemjølkprodusent, meinte det mottakspliktige mjølkesamvirket Tine at det ikkje lønte seg å hente mjølka lenger, og tilbydde seg heller å betale for at bøndene skulle «ta hand om melka på egen hånd». Ja, dei foreslo endåtil at bøndene kunne levere mjølka på ein tank som Tine kan «tømme og levere til deponi», ifylgje direktør for Tine råvare, Eivind Kjuus, til Nationen.

Det er altså ikkje det å hente mjølka Tine ikkje får til. Det er å bruke ho. Slik har det vorte.

Årsaka er sjølvsagt ganske så mykje geografi. Når det er langt mellom geitebruka, er det òg langt å køyre geitemjølka for å få ho til eit meieri, og sidan langt frå alle meieri foredlar geitemjølk, kan reisene verte endå lenger.

Alt i 2004 var det nemleg ein del av jordbruksavtalen å definere «satsingsområder for geitemelkproduksjonen hvor det legges til rette for økt fleksibilitet og økte tilpasningsmuligheter». Ein definerte kommunar som er garanterte å få levere geitemjølk, og kommunar som risikerer å hamne utanfor mottaksplikta. Bakgrunnen var at alt i 2003 gjekk 600.000 liter geitemjølk via meieri og direkte til dyrefôr – fordi det, ifylgje arbeidsgruppa som greidde ut satsingsområdet, «ikke lå til rette for industriell anvendelse».

Send meieriet til geita

Det låg ikkje til rette, altså. Det var ikkje umogleg. Noko vi ofte gløymer i jordbruksdebatten, er at det er mykje i næringa som er bestemt av naturlover, men det gjeld ikkje verken politikken eller industrien. Eg kjenner meg heilt trygg på at det eksisterer teknologi som kunne gjort det mogleg for Tine å ta vare på geitemjølka gardbrukarane i Leksvik produserte.

Sjølvsagt skal ein ikkje produsere geiteprodukt til kva pris som helst. Poenget mitt er heller at kva den prisen vert, kjem an på kva ein vel å prioritere. Om ein prioriterer store, sentraliserte anlegg i inn- og utland (ja, eg tenker på den irske Jarlsberg-fabrikken), så vert det vanskeleg å ta vare på ein geitemjølkproduksjon som bør gå føre seg der geiter både har det best og er mest til nytte: i grisgrendte strøk med godt med utmark og fjellbeite.

Geiter skil seg frå kyr og andre husdyr på ei rekke område. Eitt av dei er at dei framleis, så å seie utan unntak, får nyttiggjere seg beiteressursar i utmarka sommarstid. Desse beitemarkene verken kan eller bør sentraliserast. I ei ideell verd burde meieriet då tilpasse seg naturgrunnlaget – ikkje omvendt. Det vert iallfall ikkje meir destruktivt enn å produsere mat for destruksjon.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis