Politikk
Vil ha endå meir offensiv skjermpolitikk
Forfattar og medievitar Maja Lunde er glad for at det kan gå mot høgare aldersgrense på sosiale medium, men meiner grensa bør hevast til 16 år.
– I mange kommunar, Oslo inkludert, ligg Instagram, Yoodle, Reddit og Facebook ope tilgjengeleg for elevane frå dei går på ungdomsskulen. Kva er den pedagogiske grunnen til det? spør Maja Lunde.
Foto: Berit Roald / NTB
Regjeringa fekk inn over 8000 innspel til lovforslaget om å innføre 15-årsgrense på sosiale medium, som hadde høyringsfrist denne veka. Mange som har sendt inn høyringsinnspel, støttar forslaget, men fleire argumenterer også for at grensa bør hevast til 16 år.
Det same meiner forfattar og medievitar Maja Lunde, som i fjor gav ut boka Skjerm barna. Som leiar av VEV, eit fagnettverk for ansvarleg digitalisering, har Lunde også sendt høyringsinnspel, saman med andre foreldrerørsler for ein skjermfri barndom.
– Kva gjer ein 16-åring betre i stand til å handtere utfordringar ved sosiale medium enn ein 15-åring?
– Ein utviklar seg litt for kvart år, og ein 16-åring er meir moden enn ein 15-åring. Det handlar også om kva del av skuleforløpet dei er i gang med. 16-åringar startar på vidaregåande, medan 15-åringar går på ungdomsskulen. Eg meiner den distinksjonen bør vere med, og at Helsedirektoratet bør kome med klare tilrådingar om å vente med sosiale medium til vidaregåande skule.
– Er ein ikkje endå meir sårbar midt i eit skuleskifte enn om ein vert introdusert for sosiale medium medan ein er i eit kjent fysisk skulemiljø?
– Utgangspunktet mitt er det same som det som no er tilrådingane i Frankrike: at barn under 18 år eigentleg ikkje bør vere på såkalla ikkje-etiske sosiale medium som TikTok og Snapchat i det heile. Dette er applikasjonar som nyttar avhengnadsskapande design, og som eksponerer brukarane for svært mykje innhaldsmarknadsføring. Vi kan heller sjå på etiske sosiale medium for unge, som Hudd og Bluesky. Dei nyttar seg ikkje av funksjonar som evig scroll, streaks, likes, push-varsel og autoplay, som er laga for å halde på merksemda til brukaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.