JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Er smør dyrt for tida? Lat oss sjekke

Nokre spørsmål har vore stilte før her i denne spalta, men kjem til å måtte stillast igjen – opptil fleire gonger, fordi svara på dei forandrar seg etter kvart. Eit slikt spørsmål er om maten er dyr for tida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Smør med rundstykke rundt: Ein slik livsstil kostar, sjølvsagt, men det er likevel ikkje sikkert han er dyr.

Foto: Bo Amstrup / Ritzau / NTB

4102
20231027
4102
20231027

Nett no er tidene slik at det synest absurd å svare noko anna enn ja på det spørsmålet. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at medan konsumprisindeksen (KPI) dei siste tolv månadene har gått opp 3,3 prosent, har den same indeksen for mat og alkoholfrie drikkevarer gått opp 7,4 prosent.

Her har vi altså prisauken sett i eit årsperspektiv – for alle varer. Kva skjer vi om vi hevar blikket litt – og samtidig zoomar inn? Vi skal ikkje prøve oss på heile daglegvareutvalet, men ta føre oss ei temmeleg lita, men nokså sentral vare, smøret, og kva det kosta for eit tiår sidan.

Smørpris à la 2013

Denne spalta skreiv nemleg om smør for ikkje heilt, men nesten nøyaktig ti år sidan: i april 2013. Ifylgje meg sjølv var prisen på Tine Smør den gongen 78 kroner per kilo i butikk. Om vi brukar SSBs konsumpriskalkulator på den summen for å finne ut kva smør ut frå prisauken burde koste i dag, endar vi på 105,57 kroner. Bakgrunnen for det er ein prisauke på 35,3 prosent. Og då vert det spanande: Kva kostar smøret i butikken i dag?

Lat oss koste på oss ein liten trommevirvel her... På min lokale Kiwi er prisen på eitt kilo Tine Smør no 105,80 kroner per kilo. Ein prisauke om lag nøyaktig i takt med kostnadsauken i samfunnet, med andre ord.

Internett hjelper meg med å finne ut at det er nøyaktig same pris Oda.com tek for smøret denne dagen. I andre delar av Norgesgruppen er prisen litt høgare: 113,80 kroner på Spar, 114,40 kroner på Meny. Dei to sistnemnde er kjeder som ikkje held lågprisfana like høgt som den fyrstnemnde. Men om vi no likevel legg den høgaste prisen til grunn, er avviket frå den konsumprisregulerte prisauken på litt over 8 prosent.  

2013-utgåva av meg konkluderte for eit tiår sidan med at smør ikkje er dyrt – sidan Tine truleg selde smør for mindre enn dei betalte for mjølkefeittet dei brukar som råstoff. Den gongen var det eksplisitt
feittillegg på mjølkeprisen: 4 prosent feitt er sett som ein slags standard i kumjølk. Kvart feittgram utover dette gav eit pristillegg på åtte øre.

400 eller 86.000?

No har systemet som mjølkeprisen er rekna ut etter, vorte endra, og feittillegget har gått inn i eit tørrstofftillegg som omfattar både feitt, protein og laktoseinnhaldet i mjølka. Men vi kan framleis samanlikne totale mjølkeprisar. Ifylgje årsrapporten til Tine Råvare var den samla utbetalingsprisen for mjølk til produsent på 4,65 2013-kroner.

Lat oss konsumprisregulere dette: Om vi la til grunn den same prisauken for mjølka som vi gjorde for smøret – altså 35,3 prosent – skulle den samla utbetalingsprisen for mjølk til produsent i Noreg i september 2023 vore 6,29 kroner. I det minste ikkje lågare, sidan prisen på smør har vorte bitte litt høgare og ikkje noko som helst lågare sidan den tid.

No har Tine Råvare vorte Norsk Melkeråvare, og dei opplyser at i september 2023 var samla råvarepris betalt til produsent 5,96 kroner. Medan smørprisen i butikk er anten lik eller høgare enn KPI, er altså betalinga til bonden nesten 6 prosent lågare enn ho burde vere.

Og kva med utslag i konkrete kroner og øre? I mitt hushald et vi mykje smør, men ikkje særleg meir enn eitt kilo i månaden. Med andre ord brukar vi om lag 1300 kroner i året på smør – kring 400 kroner meir enn for ti år sidan. For ein gjennomsnittleg mjølkebonde (30,8 kyr som kvar mjølkar 8450 liter energikorrigert mjølk i året), derimot, utgjer skilnaden mellom reell mjølkepris og det mjølkeprisen burde vore om han hadde fylgt konsumprisindeksen, nærare 86.000 kroner i året.

Om bonden hadde fått 33 øre meir per liter mjølk – kva ville det hatt å seie for smørprisen? Her må vi spekulere, men truleg svært lite.

Kanskje er smørprisen til Kiwi og Oda rett om vi jamfører med smørprisen i 2013, men han er framleis like lite rettvis overfor norske mjølkebønder. Då får eg meg heller ikkje til å seie at han er for høg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis