JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Energidrikk

Sjølv ikkje drikkevarebransjen får energi til å oppstå frå ingenting.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mykje energi, få kaloriar: Kor mykje sprut er det eigentleg i energidrikkhylla?

Foto: Dietmar Rabich / Wikimedia Commons

4239
20220624
4239
20220624

Uansett kor mykje ein prøver, er dei nærast umoglege å oversjå: Ikkje berre har boksane med energidrikk så skrikande design at dei nærast hoppar mot oss, men hyllene – og ikkje minst kjøleskåpa – med dei fyller stadig fleire kvadratmeter i butikkane. Spar tilbyr 50 variantar, hjå nettbutikken til Coop finn eg heile 73 energidrikkar i sortimentet. Kan det likevel vere at alle saman er ei misforståing?

Ja, for kva har mange av desse energidrikkane til felles? Anten det no er Mack Explo Orange Madness, Battery No Calorie eller Nocco Limone, så inneheld drikken langt under ti kaloriar per hundre gram. Mange er av drikkane er faktisk heilt frie for kaloriar. Og kan dei då, sånn heilt eigentleg, gje oss energi?

Noko som skjer

Vi skal ein tur attende til skulebenken – for energi, frå gresk energeia, som tyder styrke – er per definisjon både «evna til å utføre arbeid» (Wikipedia) og «det som kan få noko til å skje» (Store norske leksikon). Energi kan verken oppstå eller forsvinne, lærte vi opptil fleire gonger gjennom skuleåra. Energi kan målast i joule (J), i kilowattimar (KWh) eller i kaloriar (cal) eller kilokaloriar (kcal). Ein kalori er energien som må til for å auke temperaturen i eitt gram vatn med ei grad celsius i eit trykk på ein atmosfære.

Eit vakse menneske treng kring to millionar kaloriar kvar dag for å halde seg gåande. Fordi det er eit stort tal, brukar vi vanlegvis kilokaloriar – og seier at vi treng kring 2000 kcal kvar dag. Det er desse kaloriane vi hentar energien vår frå, seier vi, og har heilt rett. Så, i ei verd der energi verken kan oppstå eller forsvinne, korleis kan ein drikk utan kaloriar gje oss energi?

Kort oppsummert: Han kan ikkje det. Sukkerfri energidrikk gjev oss ikkje energi. Det tilsetninga av stoffa koffein og taurin i desse drikkane derimot gjer, er å gje oss kjensla av å få meir energi. Desse stoffa er nemleg sentralstimulerande. Koffein stimulerer sentralnervesystemet, slik at vi kjenner oss vaknare, meir konsentrerte, og reaksjonsevna vert betre.

Dei fleste av oss er vel alt godt kjende med koffein frå kaffi og te – forskarar meiner å ha funne at vi menneske har drukke koffeinhaldig te i over 5000 år, og det er funne prov på kaffibønner i Midtausten tusen år attende i tid. Taurin, derimot, er eit nyare produkt i energiverda – om enn ikkje i menneskekroppen.

Ikkje dyregalle

Stoffet vart oppdaga i studiar av dyregalle, men all taurin i energidrikkar er syntetisk framstilte. Taurin er likevel ikkje noko framandt for oss – tvert om, ein person som veg 75 kilo, har til kvar tid 75 gram av aminosulfonsyra taurin i kroppen. Både skjelettmusklar, netthinne og altså sentralnervesystem nyt godt av den svovelhaldige aminosyra.

Kor godt taurin eigentleg fungerer i energidrikkar, er ein derimot meir usikker på. I det minste har fleire studiar konkludert med at taurin reduserer den oppkvikkande verknaden av koffein – samtidig som innhaldet av taurin i den same drikken er for lågt til verkeleg å verke oppkvikkande.

Kan ein ikkje då berre sette til meir taurin? Vitskapskomiteen for Mattryggleik (VKM) gjorde i 2015 ei risikovurdering av taurin i energidrikkar og kom til at eit høgt inntak av taurinhaldige energidrikkar kan ha negative effektar på hjartet og sentralnervesystemet. Eit høgt inntak vert definert som over 2000 mg per dag, men du skal drikke veldig mykje energidrikk for å få i deg så mykje.

Likevel: Om taurin har få positive effektar og kanskje ikkje eingong verkar særleg oppkvikkande, kvifor skal vi drikke det då? Faktum er at energidrikkar flest ikkje inneheld eitt einaste positivt næringsstoff – til skilnad frå kaffi, som til dømes gjev oss nordmenn så mykje som halvparten av antioksidantane våre.

Også her handlar det sjølvsagt om måtehald – altfor mykje kaffi er like lite sunt som altfor mykje taurinhaldig energidrikk. Eg synest likevel det er hyggelegare å drikke noko som kjem frå ei råvare – ei kaffibønne eller eit teblad – enn noko som har vore gjennom ein heil industripark av kjemiske prosessar, for å kjenne meg pigg og oppkvikka. Energien hentar eg uansett heilt andre stadar.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Korleis kan ein drikk utan kaloriar gje oss energi?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis