JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Egg

Tollvernet har sine sider.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Egg har superkrefter og kan måtte vernast godt om det vert for få av dei.

Foto: Pxhere.com

3985
20230217
3985
20230217

Tollvernmotstandarar som redaktør Trygve Hegnar og BI-fyrsteamanuensis Ivar Gaasland har gode dagar for tida. I alle fall nyttar dei høvet: Hegnar kallar i ein leiar i Finansavisen debatten kring høge daglegvareprisar for «kollektiv galskap», for alle veit kva som eigentleg er problemet: «Grensen er stengt for konkurranse fra utlandet (med skyhøy toll), og det er hovedårsaken til at norske forbrukere betaler rundt 50 prosent meir for maten enn de gjør innen EU.»

«Importvernet er det mest inngripende og konkurransehemmende virkemiddelet vi har», seier Ivar Gaasland til E24. Ein tollsats på 429 prosent vil sjølvsagt påverke importen av lammekjøt – likevel vart det importert over 800 tonn lamme- og sauekjøt i fjor. 2500 tonn storfekjøt kan importerast heilt tollfritt i år på grunn av tollkvotar, og importen av mat under eitt har nærast dobla seg dei siste 15 åra. Samstundes står sjølvforsyningsgrada bom stille på eit av dei lågaste nivåa noko vestleg land i heile verda kan syne til.

Eggmangel

Med andre ord: Det er òg ting som tyder på at vi importerer meir enn nok mat frå utlandet til Noreg. Nett no er det òg marknader der ute lommebøkene våre skal vere glade for at dei er skåna for.

I Storbritannia har prisane på egg den siste tida auka med opp til 85 prosent. På New Zealand bruker kakebakarar – favorittbakverket til kiwiane er den eggekvitebaserte pavlovakaka – heile arbeidsdagar på å leite opp nok egg til å halde fram produksjonen sin. Også i USA er egghyllene tomme for tida. Dei egga som finst, kostar fort opp mot 40 prosent meir enn dei gjorde for berre nokre månader sidan.

Det er rett og slett eggmangel i Europa, i USA og på New Zealand. Årsakene er fleire. Dyrtida gjer sjølvsagt òg sitt i eggbransjen. I tillegg har styresmaktene på New Zealand nyleg gjennomført eit lenge varsla forbod mot å halde verpehøner i individuelle bur, noko som har ført til at mange produsentar har lagt ned, og at det rett og slett ikkje er nok høner til å legge nok egg.

Den same hønemangelen har ein for tida i både USA og Europa, men der er problemet meir komplisert å løyse: Fugleinfluensaen breier om seg og snik seg inn i dei enorme hønsehusa, og det endar med at i kvart einaste utbrot må hundretusenvis av elles verpande fuglar avlivast. I USA er 43 millionar verpehøns avliva, og dette har ført til at eggtilgangen er redusert med ein tredjedel.

Kjøpekraftregulering

Då går prisane opp – det seier seg sjølv. Om vi ikkje hadde hatt tollvern i Noreg, ville eggprisane ha stige her òg. Kor mykje egga då ville ha kosta, er umogleg å seie, sidan utsalsprisar ikkje berre vert regulert av innkjøpsprisar, men òg av forventa kjøpekraft i marknaden.

For tida kostar dei billegaste egga hjå nettdaglegvarebutikken Oda 2,07 kroner per stykk. Til samanlikning kostar dei billegaste egga i nettbutikken til den britiske daglegvaregiganten Tesco 0,12 britiske pund – noko som svarer til 1,49 norske kroner. Ifylgje marknadsrapporten for egg hos det amerikanske landbruksdepartementet 6. februar kostar eit medium egg selt til forbrukarane i delstaten New York i snitt mellom 4,29 og 5 norske kroner.

Det er altså ikkje alt som er billegare ute i verda – og ikkje alt som ville vorte betre om vi fjerna tollbarrierane. Om det norske systemet langt frå er perfekt – her til lands produserer vi jo for tida altfor mange egg, noko som har ført til at flotte egg har vorte brukt til dyrefôr og endåtil destruerte – er det gode grunnar til å ikkje handtere ei så sårbar vare som mat som ein einaste open marknad. I dårlege tider – som no – gav det meining om Noreg, som har overskot på egg, kunne hjelpe land som Storbritannia, som manglar egg, med egg. Men det må gjerast på ein måte som ikkje hindrar britiske eggprodusentar med å få på plass ein berekraftig produksjon, samstundes som det ikkje vert ei kvilepute for å halde fram med overproduksjonen i Noreg.

Med eitt var det ikkje så lett likevel. Det nære er ofte det beste.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis