JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Den beste juledesserten er vill og fri

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Julestemning? Tja. Kanskje er vi nærare røyndommen enn nissesnø og stjerneklart. Julesmaken er her, iallfall om ein leitar.

Foto: Lise Åserud / NTB

4132
20231222
4132
20231222

Julaftan. I år som i fjor vert det høve til å bruke ein heil dag på å ete altfor mykje av akkurat det same som vi åt altfor mykje av på akkurat same dag i fjor, og året før, og så bortetter. Berre tenk på alt som skal inn: julekaffi, sild, lammerull, marsipangris, mandarinar, valnøtter, nøttekaker, peparkaker, kakemakarbakar, gløgg og glugg og – der gjekk det visst i surr.

Nei, vi skal ikkje gå i surr. Den surra steika sparer vi til fyrste dag – eller kanskje andre eller tredje, eller kva med nyttårsaftan, det vert alltid tid til steik – i dag skal vi i staden ta den ville naturen med inn i julestova. Og nei igjen, vi skal ikkje ete juletreet. Vi skal derimot slå eit slag for Noregs nest mest populære juledessert: moltekrem.

For sjølv om riskremen fullstendig dominerer all statistikk over kva vi et til dessert på julekvelden, lat oss no, for ein gongs skuld, drukne dei kvite, kremkledde riskorna frå andre sida av jorda med den raude, generiske, glatte sausen, i lokalt stivsinn og nærmenneskeleg innsats. For visste du at moltebær er ei av særs få matvarer som er ein naturleg og integrert del av kosthaldet vårt – utan at vi har klart å domestisere planta som står for produksjonen?

Tokjønna særbær

Slik er det: Alle, absolutt alle molter som vert etne i ein moltekrem, eller drukna i ein moltelikør, eller lagde på ei skive som syltetøy, dei er plukka av ei varsam menneskehand, frå ei myr eller hei eller kanskje ein litt annan, men likevel liknande vill biotop, der det veks molter av to kjønn.

Ja, så sært er moltebæret: Det vil ikkje vekse kor som helst, heller ikkje i kva slags selskap som helst. Der dei aller fleste bær er hermafrodittar – det vil seie at den same blomen har kjønnsdelar som både ho og han – insisterer molteblomen på særbu: Hoplanta må få pollen frå ei anna hannplante for å kunne lage bær.

Og dette, min ven, er årsaka til at du går så håpefull i ei moltemyr tidleg på sommaren, med molteblomar overalt kringom deg – for å så kome skuffa heim att på seinsommaren med nesten tomt moltespann.

I ei gjennomsnittleg moltemyr er berre kring 30 prosent av plantene hoplanter, og det er berre dei som kan lage moltebær – og berre om hannplantene gjer jobben sin.

Likevel vert det moltebær så å seie kvart år. Kor er det dei veks, eigentleg?

Temmeleg udyrkbar

Moltene veks på heile den nordlege halvkula. I Noreg føretrekker ho, ifylgje Store norske leksikon, «kalkfattig torvgrunn, sumpskog og lyngheiar opp til rundt 1400 meter over havet».

Det er vekstområde molta deler med mellom anna blåbær og røsslyng – vekstar vi menneske har klart å domestisere. Vi har flytta røsslyng ut av lyngheia og inn i hagane og parkane våre, og vi har gjort blåbær om til både hagebær og bær i kommersiell produksjon.

Men altså ikkje molta. Ho er det ingen som har klart å kopiere over frå vill tilstand. Og det er ikkje fordi vi ikkje har prøvd: Mellom anna var det over fleire tiår eit prosjekt ved Holt forskingsstasjon i Troms, og det vart prøvd både å lage nye molteåkrar i friluft og i veksthus og å plante inn i eksisterande moltemyrer – ein foreslo endåtil å frese dei opp og sette ned nye planter i rader i myra.

Nokre avlingar vart det, men dei var ustabile og arbeidskrevjande. For ikkje nok med at molter krev to kjønn for å formeire seg – dei vil heller ikkje late seg ale opp frå frø, men insisterer på å formeire seg vegetativt – med såkalla rhizom, som er utløparar som veks under jorda. I snitt fann ein at det tok tre til fire år frå ein byrja eit plantefelt til det byrja å gje avling, og felta var utsette både for dårleg spiring, ugrasåtak og klimatiske forhold.

I dag veit vi forhåpentleg betre enn å byrje å frese opp metanrike moltemyrer, uansett kor mykje vi kunne ha lyst på meir og billegare molter. Truleg er det beste vi kan gjere for moltene, å late sjølve plantene vere i fred, men legge best mogleg til rette for leveområdet deira: halde klimaet stabilt – og lufta full av pollinerande insekt.

Det skulle halde oss opptatt ei stund – så kan vi eventuelt tenke på heimedyrking av moltebær etterpå. Men fyrst er det jul.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis