Frå matfatet

Bøndene må få meir

13,45 milliardar kroner er det minste jordbruket burde ha rett på.

I rampelyset: Norges Bondelags leiar Bjørn Gimming og landbruks- og matminister Sandra Borch heldt pressekonferanse etter semja i jordbruksoppgjeret. Om dei har jordbruket med seg, er ei anna sak.
I rampelyset: Norges Bondelags leiar Bjørn Gimming og landbruks- og matminister Sandra Borch heldt pressekonferanse etter semja i jordbruksoppgjeret. Om dei har jordbruket med seg, er ei anna sak.
Publisert

Høyr på dette: «Mi klare forventing er at vi har fått ut alt Arbeidarpartiet og Senterpartiet hadde å gje. Då føreset eg at ein framforhandla avtale vert respektert og finn sitt fleirtal.»

Det er leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming, som seier dette til Klassekampen. Dette er altså same mann som for nokre veker sidan sa det var synd at Norsk Bonde- og Småbrukarlag ikkje deltok i tingingane med staten, fordi det svekte forhandlingsposisjonen til landbruket – og same mann som seinare i praksis sa at det ikkje ville spelt noka rolle om Småbrukarlaget var med.

No seier altså denne mannen at Stortinget ikkje må finne på å endre på jordbruksavtalen. Med andre ord: Politikarane må ikkje finne på å gje meir pengar til landbruket enn det Bondelaget har forhandla fram med staten.

Korleis kan ein leiar for den største bondeorganisasjonen i landet seie noko slikt?

Må brukast lurt

Utsegna kom i samband med at Småbrukarlaget måndag 23. mai presenterte primærkravet sitt inn mot jordbruksforhandlingane. Kravet, som altså var så høgt at Småbrukarlaget ikkje fekk vere med inn i forhandlingane med staten, var på 13,45 milliardar kroner. I forhandlingane med Bondelaget skal dei ha vore viljuge til å gå ned til 9,8, medan Bondelaget ville gå opp til 6,9.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement