JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Ytringsfridommen – før

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Bergpreika», målarstykke av Carl Bloch, 1890.

3145
20230303
3145
20230303

Mennesket er eit siv, men eit tenkjande siv, har ein fransk filosof sagt. Vi er veike skapningar, mykje veikare enn mange andre skapningar rundt oss. Men vi har ein uroleg hjerne som skaper urolege tankar.

Desse tankane har vore ei sterk endringsmakt i historia. Og dei er nok mykje eldre enn den kjende historia. Kanskje var det ein modig mann ved steinalderbålet som plaga dei andre med sine tankar om at det kanskje var meir dyr å jakte på den andre sida av fjellet eller elva, ettersom viltet minka i dei gamle jaktmarkene?

Og det kjende området auka, kanskje budde det andre folk der. Og samfunnet vart forandra.

Nye tankar skaper uro. Og dei kan truge rådande tankar og såleis vere farlege.

Sokrates og Kristus, som begge har sett djupe spor i tankehistoria, tenkte tankar som var i strid med rådande tankar og rådande makt, og fekk betale dyrt for det.

Siste halve tusenåret har det brote fram ein straum av nye tankar som har sopt gammalt tankegods og tilhøyrande maktstrukturar til side, eit langvarig tankeopprør.

Mennesket, individet, har tenkt seg gjennom desse nye tankane, og dei gamle, og gjort seg sine eigne tankar om verda omkring oss og maktene der. Mennesket er blitt myndig, med eigne tankar.

Filosofane har bore ved til dette opprørsbålet: Luther lét mennesket møte Gud på tomannshand, eit møte mellom to individ, utan innblanding av jordiske autoritetar. Descartes gjorde tvilen stoverein og nødvendig, og Kant gjorde mennesket til Guds medskapar i møtet med verda omkring. Mennesket levde i si sjølvskapte verd: Die Welt fur mich.

Ytringsfridommen vart arbeidsreiskapen i denne ryddejobben blant gamle og etablerte tankar. Hadde ein rett til å tenke, måtte ein også ha rett til å tale og bere tankane fram. Og mykje, det meste, vart forandra. Den eine kyrkja vart sprengd. Kyrkjelydar i hopetal dukka opp, med eigne sterke tankar om dei evige ting. Fotfolket søkte makta i dei nye kyrkjene. Og etablerte autoritetar vart avskilta og langt på veg parkerte.

Vår Gud sa frå til Moses på Sinai at han ikkje ville tole at namnet hans vart misbrukt. Og han fekk det som han ville. Europeiske lovverk verna Gud. Å spotte Gud var ulovleg og straffbart, med tunge straffer.

Og i dag? Sekulariseringa har gjort Gud mindre sentral i storsamfunnet. Bortsett frå i alle dei ulike gudshusa blir han lite omtala og knapt spotta.

Blasfemiparagrafar, der dei finst, er sovande. Å spotte Gud, om nokon bryr seg med det, er risikofritt.

Kongen er ein annan autoritet som har mist lovvernet sitt. I dag er det blitt ein blømande medieindustri å brette ut alt frå kongehusa, det såre og vonde, det intime og familiære, det ukloke og latterlege.

Ein gong var det streng straff for slikt. Karl Johan fekk sagt dødsdommar for utidig omtale av kongen og hans hus. Forbrytarane fekk rettnok nåde etterpå og berga hovudet.

Ytringsfridommen har i dag stort frirom, større enn nokon gong. Men på eitt samfunnsområde møter ytringsfridommen sterk og ubøyeleg motmakt. I omtale av militærsaker, krig og alliansar får ytringsfridommen ordre om å trø varleg, slik han ein gong måtte mot Gud og kongen.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis