JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Ukraina og matfatet vårt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ivan Bonderenko og barneborna Marat og Renat skubbar ein høyballe av vegen i lands-byen Yakovlivka utanfor Kharkiv, der russiske luftåtak held fram.

Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB

3404
20220429
3404
20220429

Den russiske invasjonen i Ukraina har endra mykje i Europa på kort tid. Det utarbeidde og etablerte tryggingssystemet, bygt opp gjennom mange tiår, vaklar. Europa er blitt farlegare.

Endringane slår ut på mange område. Gass er viktig på den europeiske energimarknaden. Når gasstilførsla blir usikker, blir energi dyrare. Hos oss stig straumprisane.

Energien er drivkrafta i moderne samfunn. Uro i energimarknaden slår mellom anna ut på matprisane. Verre enn det: Media skriv om ein komande kornmangel. Det blir diskutert om vi av omsyn til mattryggleiken må opne dei stengde kornsiloane våre, som no er blitt til så mykje anna, som studentheimar og kunstgalleri. Eit alvor bankar på døra.

Moderne jordbruk er avhengig av kunstgjødsel, om det skal produserast mat nok til ei veksande folkemengd.

Dagens kunstgjødselindustri kviler på fossile energikjelder som olje og gass. Og no har storpolitikken gjort gasstilførsla usikker. Dermed har prisane for kunstgjødsel skote oppover, til liks med energiprisane.

Norske bønder melder at dei ikkje vågar å så kornåkrane fordi dei komande kunstgjødselprisane gjer det uråd å få lønsemd i korndyrkinga. Staten rykker straks ut og lovar støtte for å få korndyrkinga i gang.

Store kornprodusentar som Ukraina og Russland er i krig, med usikre utsikter for den store korneksporten som brukar å kome frå dei kantane. Det invaderte Ukraina er den største korneksportøren i verda.

Krigen i Ukraina kan ha utløyst ei internasjonal matkrise, i tillegg til matkrisa som alt fanst for folk i fattige land, og han kan kome til å prege norske matbord i åra som kjem.

Det har hendt før. I 1856 tok Krimkrigen slutt, ein krig som stengde trafikken frå Svartehavet. Ved freden vart sjøvegen opna, og korn frå den rike svartjorda ved Svartehavet fløymde inn over den europeiske marknaden, også den norske.

Nordmenn åt mykje korn, bygg og havre, til flatbrød, graut, suppe og velling, og den norske korndyrkinga vart fortrengd av billeg importert korn frå svartehavsområdet og den amerikanske Midtvesten. Der hadde den nye jernbanen opna vegane til marknaden for præriekornet.

Norske bønder måtte snu seg rundt og finne andre produkt dei kunne levere. Og Noreg vart eit husdyrjordbruksland. Ferasar vart utvikla, husdyrhaldet kom i endring, fôringa vart betre, og meieria var på veg inn i norske bygder. Gras til husdyrfôr erstatta korndyrkinga.

Dette ser vi tydeleg om vi ser på norske landsbygder. Graslagringa har prega byggekulturen. Store, ruvande bygningar, gjerne raudmåla, fortel om ei tid då det tørka høyet var grunnlaget for gardsdrifta. Så kom siloane der graset kunne lagrast ferskt.

Medan forfedrane våre metta seg med graut og flatbrød bygd på heimedyrka korn, kan vi meske oss med frukost med egg som er produserte av høner som får importert korn, med rikeleg med godt brød laga av anna importert korn, og med rikeleg med mjølk, ost, smør og kjøt produsert av husdyr som får så mykje gras dei orkar å ete, med påfyll av kraftfôr frå verdsmarknaden.

Det var storpolitikken som opna landet og jordbruket vårt for rikeleg med import av mat for over 150 år sidan. Mykje av maten kom frå slettene ved Svartehavet, frå Ukraina. Storpolitikken omforma norsk jordbruk og norske bygder.

Kva vi i framtida skal ha på matbordet vårt, veit ingen. Men mykje tyder på at Ukraina kjem til å spele ei rolle også denne gongen.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis