JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Makta ter seg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
For historia er det mykje å kjenne att i det som no skjer, til dømes her i Kyiv, hovudstaden i Ukraina, der ei bustadblokk er råka av russisk skyts. Historia har sett det før.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

3441
20220304
3441
20220304

Russland har invadert grannelandet Ukraina med svære militærstyrkar. Dermed utøver dei ein rett stormakter alltid har tatt seg til: Stormaktene vil ha full kontroll og oversikt over den politiske utviklinga hos grannane. Grannane skal vere til å lite på, er stormaktskravet. Og det er stormaktene som har rett til å tolke grannens tankar og ferd, og til å sette inn makt for å justere grannar på det dei meiner er ville vegar.

Stormakter gjer som dei vil. Små makter gjer som dei må, sa den greske historikaren Tukydid for 2500 år sidan. Makta rår. For små statar med mektige grannar har livet alltid vore farleg. Dei kan lett bli kasteballar mellom rivaliserande stormakter. Finland og Polen veit noko om det.

Stormakter har alltid meint at det er deira naturleg rett å ha god kontroll med grannane sine. Etter to verdskrigar la Sovjetunionen eit belte av stødige grannar mot maktene i vest.

Ved murens fall og Sovjetunionens samanbrot vart dette beltet, Warszawapakta, borte. Landa der søkte vestover.

Og den gamle stormakta kjende seg naken og truga. Og så er vi der vi er, med ei uviss framtid.

Stormaktsgrepa er kjende frå historia.

I 1823 var James Monroe president i USA. Då var USA plaga av russiske krav på den amerikanske nordvestkysten. Samtidig truga Den heilage alliansen i Europa med å intervenere i Sør-Amerika til fordel for Spania. Då lanserte president Monroe den så kalla Monroe-doktrinen, som slo fast at USA ikkje ville tole europeisk innblanding i forholdet mellom dei amerikanske statane.

Dette måtte europearane godta, og doktrinen vart eit sentralt element i amerikansk utarikspolitikk.

Og amerikanarane har sidan halde auge med grannane sine og regima der, i Nicaragua, Guatemala og Chile. At eit uvenleg regime slo seg ned på Cuba, vart dramatisk.

Eit anna velprøvd stormaktsgrep er å vise stor uro og omsorg for eigne landsmenn som bur i det upålitelege grannelandet. Det skjer folkemord på russarar i Aust-Ukraina, slår Kreml fast. Russland må inn og verne sine eigne landsmenn.

Ingen andre kjelder har påvist at eit slikt folkemord skjer.

Men argumentasjonen minner sterkt om Hitlers argumentasjon for å gå inn i Tsjekkoslovakia før andre verdskrigen. Det gjorde han for å verne sudettyskarane som budde i det tsjekkiske Sudetlandet. Dei vart utsette for grove overgrep frå tsjekkarane og den tsjekkoslovakiske staten. Sa Hitler.

Same argumentasjonen vart nytta av Bismarck og Preussen då dei tok Schleswig-Holstein frå Danmark i det store oppgjeret i 1864.

Tyskarane i Sønder-Jylland, som danskane kalla området, vart trakasserte og underkua, først og fremst språkleg. Sa Bismarck.

Okkupasjonen vart også ein språkkamp. Bismarck valde å sjå det slik.

Eit anna kjent stormaktsgrep er å skrive om historia, slik Putin skreiv Ukraina ut av historia på den store pressekonferansen sin.

Det er ein vanlagnad historia har, ho blir stendig send inn på dagens kaotiske scene og må danse etter makta og hennar blåseinstrument.

Slik blir dagens kamp og strid, også med soldatar og våpen, ein kamp om historia.

Historia er sentral i dei uendelege kampane på Balkan og i Midtausten. Og no har Putin jaga henne inn på scenen, på si side, i dagens blodige oppgjer.

For historia er det mykje å kjenne att i det som no skjer. Ho har sett det før.

Men det er inga trøyst å finne hos henne.

Ho driv ikkje med notida.

Det er fortida ho kjenner. Og der var det mykje som enda gale.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis