Frå historia

Kyiv

Kyiv tidleg på 1800-talet.
Kyiv tidleg på 1800-talet.
Publisert

Historia har to rom: geografien og tida. Av og til slår ho seg ned på ein eller annan stad ho har valt seg ut. Der set ho fart på det som hender, og ei ettertid vil sjå at her vart det, akkurat no, skapt historie, i tida og i geografien.

For eit par dryge tusenår sidan valde ho seg Aten som arbeidsplass. Mykje av det moderne Europa vart grunnlagt her. Eit halvt tusenår seinare heldt ho auge med ein jødisk rabbi som vandra rundt i Palestina. Han, og flokken hans, fekk sidan ein romsleg plass i historia.

På denne tida hadde historia flytta vestover til Roma, der ho la att mykje byggjemateriale til det som skulle bli Europa. Etter endå eit halvt tusenår valde ho seg Arabia og Mekka til verkstader og adresser, og mykje vart endra, også i Europa.

Så flytte ho nordover, frå Middelhavet, med Karl den store, og dei relativt primitive stammane i Nord-Europa, med sine spreidde adresser, tok den sentrale plassen i europeisk historie.

Førre hundreåret var ein tung ryddejobb for historia. Først jaga ho europearane heim frå dei såkalla oversjøiske områda. På eit halvt hundreår vart Afrika og mykje anna europafritt. Litt seinare i hundreåret avliva ho og gravla den statskapitalismen, også kalla kommunismen, som hadde regjert i Aust-Europa. Eit av dei største imperia i historia gjekk under.

Her vart det mykje etterarbeid for henne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement