Frå historia
Dette kjønnslivet
Ein lagsokse på utstilling på Ringebu.
Foto: Pål Kluten / Maihaugen / Digitalt Museum
Moderne husdyrhald er ei suksesshistorie, i den forstand at dei har nådd dei måla som ein gong vart sette: å auke avdrått og avkasting.
For 70 år sidan var eg kontrollassistent i Hesby kontrollag på Finnøy. Den faste assistenten var sjuk, og eg vikarierte. Eg vitja kvar bonde éin gong i månaden og vog mjølka frå kvar ku. Så drog eg på meieriet med prøvar av mjølka for å måle feittprosenten.
Ved utgangen av kontrollåret laga vi lister som fortalde kor mykje smør kvar ku hadde produsert i det farne året. Dei beste kyrne og dei beste kuflokkane kom i Bondevennen, fagbladet på Sørvestlandet. Det var stas å kome i Bondevennen.
Hos ein del bønder fann vi gamle bøker frå fjøskontrollen i mellomkrigstida. Produksjonsauken fram til 1952, som var mitt år som kontrollassistent, var stor.
Dagens tal for årleg mjølkeproduksjon per kontrollert ku er langt høgare. Det er ei anna verd. Eit langvarig og seigt arbeid har gitt resultat.
Det er fleire grunnar til framgangen. Fôringa er rikare og betre. I dag får mjølkekyrne så mykje mat dei orkar, grovfôr og kraftfôr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.