JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Å stele historia

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukrainske flagg med namn på falne i krigen framfor fridomsmonumentet i Kyiv søndag 11. september i år.

Foto: Jon Gambrell / AP / NTB

3690
20221028
3690
20221028

Fortida, historia, er forsvarslaus mot samtida. Samtida tolkar fortida som ho vil, og hentar det ut av historia som ho kan ha nytte av i dagens politiske strid. Difor er det all grunn til å vere skeptisk til historieforteljarar. Ein bør alltid prøve å finne ut kva ærend forteljaren er ute i, kva interesser han tener med det han fortel.

Dei siste vekene har Russlands president, Vladimir Putin, stått fram som historieforteljar på europeisk fjernsyn.

Ukraina har ikkje krav på å vere ein sjølvstendig stat, slår han fast. Historisk høyrer Ukraina til Russland. Difor har han no invadert Ukraina for å skape orden i det rotet nyare tider har skapt i forholdet mellom dei to landa. Ukraina skal innlemmast i Russland, der landet historisk sett høyrer til.

Dette er lettferdig omgang med fortida, for å uttrykkje seg forsiktig.

Russland, området aust for Europa, er stort, og mykje historie ligg så langt tilbake i tid at kjeldene har lite å fortelje. Men på eitt punkt er historikarane samde: Den første organisasjonen på russisk jord som kan kallast ein stat, vart skapt rundt Kyiv. Rundt førre tusenårsskifte voks Kyiv fram som den leiande byen i området, og litt utpå det nye tusenåret voks Kyiv fram til det ein dansk historikar kallar ei sentralisert fyrstemakt.

Og det nye riket som her vart skapt, bar namnet Kyivskaja Rus, Kyiv-Russland. I dette riket var det sterke nordiske innslag. Det er eit gammalt stridsspørsmål kor sterke desse nordiske innslaga var.

I dag er det stort sett semje om at dei første fyrstane i Kyiv bar nordiske namn. Hirda deira var i hovudsak nordisk, og funna i nye utgravingar slår fast at det fanst skandinavar i den lokale overklassa. Straumevjene sør for Kyiv har både nordiske og slaviske namn.

Kva rolle skandinavane spela i skapinga av Kyiv-riket, er omstridd. Vanleg oppfatning ser ut til å vere at dei var pådrivarar i det som skjedde. Så starta Russlands veg mot statsbygging rundt Kyiv, med impulsar frå Skandinavia.

Riket rundt Kyiv gjekk i oppløysing og vart etter kvart delt i sjølvstendige fyrstedømme. Og makta flytta nordover.

Etter kvart steig Moskva fram som eit sentrum i området. Moskva vart grunnlagd midt på 1100-talet og er lite omtala i gamle historieskrifter. Moskva var lenge berre ein liten landsby ved Moskvaelva.

På slutten av 1200-talet fekk Moskva eiga fyrsteslekt: Det var kring tre hundreår etter at Kyiv voks fram og etablerte seg som sentrum i sørvest. På den tid var fyrstedømmet Moskva på storleik med dagens Danmark.

Så kom voksteren, som tok til kring år 1400. Mot slutten av hundreåret var dei fleste fyrstedømma lagde under moskvafyrsten. Historikarane talar om samlinga av Moskvariket.

Dei same historikarane slit med å forklare korleis dette kunne gå til, at det vesle fyrstedømmet Moskva kunne ta styringa.

Så var Moskva-Russland etablert, og Kyiv-Russland var gått ut av verda og inn i historia.

Dette samla Russland, rundt Moskva, kom til å få eit kompliserte liv. I aust var dei plaga av tartarane, i vest av europearane: polakkar, litauarar, svenskar, franskmenn og tyskarar.

I tillegg var riket plaga av indre spenningar, tsaren og overklassen hans utnytta bøndene på det grovaste. Revolusjonen kom, og Sovjetunionen vart skapt og levde sitt brutale liv i eit lite hundreår.

Å hevde, som Putin gjer, at Ukraina ikkje har nokon livsrett utan som del av Russland, er dårleg historielesing.

Kyiv-Russland, i dag kalla Ukraina, regjerte stor delar av dagens Russland før Moskva-Russland i det heile var påtenkt.

For så vidt kan ein like gjerne seia at dagens Russland historisk sett høyrer til Ukraina.

Den eine påstanden er like meiningslaus som den andre.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis