Frå matfatet
Er smør dyrt for tida? Lat oss sjekke
Nokre spørsmål har vore stilte før her i denne spalta, men kjem til å måtte stillast igjen – opptil fleire gonger, fordi svara på dei forandrar seg etter kvart. Eit slikt spørsmål er om maten er dyr for tida.
Smør med rundstykke rundt: Ein slik livsstil kostar, sjølvsagt, men det er likevel ikkje sikkert han er dyr.
Foto: Bo Amstrup / Ritzau / NTB
Nett no er tidene slik at det synest absurd å svare noko anna enn ja på det spørsmålet. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at medan konsumprisindeksen (KPI) dei siste tolv månadene har gått opp 3,3 prosent, har den same indeksen for mat og alkoholfrie drikkevarer gått opp 7,4 prosent.
Her har vi altså prisauken sett i eit årsperspektiv – for alle varer. Kva skjer vi om vi hevar blikket litt – og samtidig zoomar inn? Vi skal ikkje prøve oss på heile daglegvareutvalet, men ta føre oss ei temmeleg lita, men nokså sentral vare, smøret, og kva det kosta for eit tiår sidan.
Smørpris à la 2013
Denne spalta skreiv nemleg om smør for ikkje heilt, men nesten nøyaktig ti år sidan: i april 2013. Ifylgje meg sjølv var prisen på Tine Smør den gongen 78 kroner per kilo i butikk. Om vi brukar SSBs konsumpriskalkulator på den summen for å finne ut kva smør ut frå prisauken burde koste i dag, endar vi på 105,57 kroner. Bakgrunnen for det er ein prisauke på 35,3 prosent. Og då vert det spanande: Kva kostar smøret i butikken i dag?
Lat oss koste på oss ein liten trommevirvel her... På min lokale Kiwi er prisen på eitt kilo Tine Smør no 105,80 kroner per kilo. Ein prisauke om lag nøyaktig i takt med kostnadsauken i samfunnet, med andre ord.
Internett hjelper meg med å finne ut at det er nøyaktig same pris Oda.com tek for smøret denne dagen. I andre delar av Norgesgruppen er prisen litt høgare: 113,80 kroner på Spar, 114,40 kroner på Meny. Dei to sistnemnde er kjeder som ikkje held lågprisfana like høgt som den fyrstnemnde. Men om vi no likevel legg den høgaste prisen til grunn, er avviket frå den konsumprisregulerte prisauken på litt over 8 prosent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.