Frå matfatet

Energidrikk

Sjølv ikkje drikkevarebransjen får energi til å oppstå frå ingenting.

Mykje energi, få kaloriar: Kor mykje sprut er det eigentleg i energidrikkhylla?
Mykje energi, få kaloriar: Kor mykje sprut er det eigentleg i energidrikkhylla?
Publisert

Uansett kor mykje ein prøver, er dei nærast umoglege å oversjå: Ikkje berre har boksane med energidrikk så skrikande design at dei nærast hoppar mot oss, men hyllene – og ikkje minst kjøleskåpa – med dei fyller stadig fleire kvadratmeter i butikkane. Spar tilbyr 50 variantar, hjå nettbutikken til Coop finn eg heile 73 energidrikkar i sortimentet. Kan det likevel vere at alle saman er ei misforståing?

Ja, for kva har mange av desse energidrikkane til felles? Anten det no er Mack Explo Orange Madness, Battery No Calorie eller Nocco Limone, så inneheld drikken langt under ti kaloriar per hundre gram. Mange er av drikkane er faktisk heilt frie for kaloriar. Og kan dei då, sånn heilt eigentleg, gje oss energi?

Noko som skjer

Vi skal ein tur attende til skulebenken – for energi, frå gresk energeia, som tyder styrke – er per definisjon både «evna til å utføre arbeid» (Wikipedia) og «det som kan få noko til å skje» (Store norske leksikon). Energi kan verken oppstå eller forsvinne, lærte vi opptil fleire gonger gjennom skuleåra. Energi kan målast i joule (J), i kilowattimar (KWh) eller i kaloriar (cal) eller kilokaloriar (kcal). Ein kalori er energien som må til for å auke temperaturen i eitt gram vatn med ei grad celsius i eit trykk på ein atmosfære.

Eit vakse menneske treng kring to millionar kaloriar kvar dag for å halde seg gåande. Fordi det er eit stort tal, brukar vi vanlegvis kilokaloriar – og seier at vi treng kring 2000 kcal kvar dag. Det er desse kaloriane vi hentar energien vår frå, seier vi, og har heilt rett. Så, i ei verd der energi verken kan oppstå eller forsvinne, korleis kan ein drikk utan kaloriar gje oss energi?

Kort oppsummert: Han kan ikkje det. Sukkerfri energidrikk gjev oss ikkje energi. Det tilsetninga av stoffa koffein og taurin i desse drikkane derimot gjer, er å gje oss kjensla av å få meir energi. Desse stoffa er nemleg sentralstimulerande. Koffein stimulerer sentralnervesystemet, slik at vi kjenner oss vaknare, meir konsentrerte, og reaksjonsevna vert betre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement