JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Eksingedalen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bergo og Bergivatnet i Eksingedalen.

Bergo og Bergivatnet i Eksingedalen.

Foto: Jorunn/Wikimedia Commons

Bergo og Bergivatnet i Eksingedalen.

Bergo og Bergivatnet i Eksingedalen.

Foto: Jorunn/Wikimedia Commons

3600
20221111
3600
20221111

Eksingedalen er ein dal i Vaksdal kommune i Hordaland. Dalen er trong og vill med bratte fjellsider, seier leksikonet, og 48 kilometer lang. Det same leksikonet fortel at dalen i 1980 hadde 388 innbyggjarar. Dagens Wikipedia fortel at innbyggjartalet no er halvert på knapt 40 år. I dag er talet 160.

Dag Kullerud gav i 2019 ut ei bok om den kristne dagsavisa Dagen i Bergen i samband med hundreårsjubileet hennar. I denne boka trengjer Eksingedalen seg inn i historia som ein rik leverandør av gåverikt folk som går inn i samtida si og er med og skaper henne, i målstrid, i lekmannsrørsle, i fråhaldssak, i media, i politikk – ei rik kjelde til sjølve motstraumen i norsk samfunnsliv, for å låne Kulleruds ord.

Mykje handlar om familien Lavik. Andreas Lavik, fødd i 1854, var emissær, bonde og stortingsmann og styrar for bibelskulen i Bergen. Han var formann i nemnda som førebudde den nye avisa. Han døydde i 1918, året før Dagen vart lansert. Sonen, Johannes, vart den første redaktøren, fram til han døydde i 1952. Søskenbarnet til Johannes, Nils Lavik, vart den første stortingsmannen for Kristeleg Folkeparti, i 1934.

Lavikane myldrar i organisasjonar og media. Andreas, patriarken, hadde ein bror som heitte Johannes. Han skipa Gula Tidend i 1904 og redigerte avisa fram til 1919. Ein annan bror heitte Dorotheus. Han vart ein kjend skodespelar under namnet Dore Lavik. Ei tid var han sambuar med skodespelarinna Anne Marie Andersen, sidan kjend som Marie Hamsun.

Vår tids Marie Lavik skriv i 2018 i Klassekampen om namnesøster si, Marie Lavik: Ho var søster til Andreas og Johannes og var blitt borte i historia. Ho var ein avvikar i familien og sette spor andre stader. Ho braut med barnetrua, tok seg arbeid i den radikale avisa Arbeidet og vart leiar for Bergens kvinnelige arbeiderforening, der ho slåst for kvinners rettar.

Lavikane braut seg fram og gjorde seg synlege der dei var. Det hadde ein pris. Johannes, den første Dagen-redaktøren, skriv om far sin, Andreas: «I Andreas æt var det en gammel, bitter rot som ofte før hadde skutt opp og gjort skade. Det laa til ætten en sterk selvbevissthet, stolthet og ærgjerrighet. Det blev den dypeste skade i Andreas Laviks liv», skriv sonen om faren.

Lavikane, i flokkevis, braut seg ut frå den tronge fjellbygda Eksingedalen og vandra inn i det norske storsamfunnet som var under utvikling, politisk, religiøst, språkleg, medialt.

Spora vart mange.

Eg har vore i Eksingedalen. I 1972 vart eg forlagssjef i Det Norske Samlaget. Der oppdaga eg ein bonde som skreiv interessante ting om jordbruk i vestlandsavisene. Han heitte Helge Bergo, og han viste seg å bu i Eksingedalen.

Eg ringde han. Han svara med å invitere meg til Eksingedalen. Eg slo til, og han henta meg på Voss.

Det vart eit interessant opphald. Og det vart bok: Norsk jordbruk – ei økonomisk slagmark, utgitt i 1976. Forfattar Helge Bergo.

Helge Bergo var ein stri og stridbar opprørar, som mange av lavikane. Han var sterkt usamd med rådande jordbrukspolitikk. Tidleg gjekk han ut av Norsk Bondelag og inn i småbrukarlaget, der han sat i landsstyret i ti år. I 1993 vart han æresmedlem, før han melde seg ut i 2000.

Han var med og skipa Aksjon Bygde-Norge, og var ein aktiv og stri debattant om framtida for bygdene.

30. juli i 2019 døydde Helge Bergo, 96 år gammal. Minneorda vart sterke og mange.

I boka om lavikane og Dagen skriv Kullerud om Holberg og Pontoppidan, som begge skreiv om dei gløgge og sjølvstendige norske bøndene.

Det kan sjå ut til at den tronge og ville Eksingedalen fekk sin romslege del av desse bøndene.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis