Ein blome i branntomta
«Eidsvold 1814» måla av Oscar Wergeland 70 år etter grunnlovsforsamlinga og gjeven i gåve til Stortinget i 1885.
Foto via Wikipedia
Europa er ein verdsdel med ei historie som er rik på katastrofar. Det starta tidleg i den historia som er kjend.
Europa vart folkesett av innvandrarar, kvar dei no kom ifrå. Det vart kamp om jord. I det historikarane kallar folkevandringstida, var det ulike folk som jaga kvarandre og tok land frå kvarandre. Alle greidde seg ikkje. Mange er gløymde, ute av historia.
Så dukka stormaktene opp, persarriket austafor og romarriket i vest. Dei, og hærane deira, kom til å forme Europa. Persarane vart jaga heim, og romarriket overtok mykje av Europa.
Då romarriket gjekk i oppløysing, gjekk europearane laus på kvarandre, som dei sidan har gjort.
Store europeiske krigar kom: trettiårskrigen, napoleonskrigane, eit par såkalla verdskrigar i nyare tid. Europa vart, gong etter gong, nedbrend og nedtrakka.
Noreg låg lenge i utkanten av den europeiske dramatikken. Krigane skjedde ikkje på norsk jord, om vi ser bort frå lokale skandinaviske grannekrigar, med grannar i sør og aust.
Men vi fekk merke dei europeiske krigane. Danskekongen fekk oss med i napoleonskrigane. Vi fekk handelsblokade for den maten vi trong, og nordmenn svalt. Fleire enn Terje Vigens familie svalt i hel.
Napoleons hærar hadde marsjert gjennom Europa på kryss og tvers, rana og brent. Europa var øydelagd, ei rykande branntomt.
Napoleons imperium gjekk i oppløysing, som mange imperium både før og etter hans.
Imperium i oppløysing skaper kaos, uro og handlingsrom, som vi nyleg har sett.
Det som var att av den norske eliten etter dansketida, såg dette handlingsrommet. Å bli levert til svenskekongen som ein pakke, smaka dei dårleg. Dei møttest på Eidsvoll, der dei i nokre dramatiske veker smidde ei grunnlov og grunnla ei nasjonalforsamling, Stortinget, som ho etter kvart vart kalla.
Sigerherrane etter Napoleonskrigane, med Sverige på laget, meinte at Noreg skulle i union med Sverige, som Sveriges løn for innsatsen mot Napoleon.
Og slik vart det. Det vart eit konfliktfylt samliv.
I alle kampane med svenskekongen, som framleis hadde eineveldestankar om kongedømmet og si kongegjerning, var det Stortinget som vart den fremste kamparenaen, medan Grunnlova vart det faste grunnlaget Stortinget heldt seg til.
Og kongen måtte bøye seg for Stortinget. I 1884 tok Stortinget regjeringa frå kongen og gjorde henne til si. No vart det deira regjering, ikkje kongens. På toppen av det heile vart kongens regjering dømd av riksretten, der det til og med sat bønder og dømde kongens menn.
Og så fekk svenskekongen reisepass.
Det skandinaviske demokratiet, slik vi i dag kjenner det, voks fram på branntomta etter Napoleons herjingar og øydeleggingar i Europa.
Og det nordiske folkestyret er framleis eit av dei mest stabile politiske styringsformene i eit Europa som i dei siste hundreåra har streva med styringsformene sine.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Albert Einstein då han byrja ferien med ein ni timars segltur på ein innsjø i delstaten New York i USA 3. juli 1936.
Foto: AP / NTB
Einstein og Gud
I rampelyset: Norges Bondelags leiar Bjørn Gimming og landbruks- og matminister Sandra Borch heldt pressekonferanse etter semja i jordbruksoppgjeret. Om dei har jordbruket med seg, er ei anna sak.
Foto: Annika Byrde / NTB
Bøndene må få meir