Frå matfatet
Egg
Tollvernet har sine sider.
Egg har superkrefter og kan måtte vernast godt om det vert for få av dei.
Foto: Pxhere.com
Tollvernmotstandarar som redaktør Trygve Hegnar og BI-fyrsteamanuensis Ivar Gaasland har gode dagar for tida. I alle fall nyttar dei høvet: Hegnar kallar i ein leiar i Finansavisen debatten kring høge daglegvareprisar for «kollektiv galskap», for alle veit kva som eigentleg er problemet: «Grensen er stengt for konkurranse fra utlandet (med skyhøy toll), og det er hovedårsaken til at norske forbrukere betaler rundt 50 prosent meir for maten enn de gjør innen EU.»
«Importvernet er det mest inngripende og konkurransehemmende virkemiddelet vi har», seier Ivar Gaasland til E24. Ein tollsats på 429 prosent vil sjølvsagt påverke importen av lammekjøt – likevel vart det importert over 800 tonn lamme- og sauekjøt i fjor. 2500 tonn storfekjøt kan importerast heilt tollfritt i år på grunn av tollkvotar, og importen av mat under eitt har nærast dobla seg dei siste 15 åra. Samstundes står sjølvforsyningsgrada bom stille på eit av dei lågaste nivåa noko vestleg land i heile verda kan syne til.
Eggmangel
Med andre ord: Det er òg ting som tyder på at vi importerer meir enn nok mat frå utlandet til Noreg. Nett no er det òg marknader der ute lommebøkene våre skal vere glade for at dei er skåna for.
I Storbritannia har prisane på egg den siste tida auka med opp til 85 prosent. På New Zealand bruker kakebakarar – favorittbakverket til kiwiane er den eggekvitebaserte pavlovakaka – heile arbeidsdagar på å leite opp nok egg til å halde fram produksjonen sin. Også i USA er egghyllene tomme for tida. Dei egga som finst, kostar fort opp mot 40 prosent meir enn dei gjorde for berre nokre månader sidan.
Det er rett og slett eggmangel i Europa, i USA og på New Zealand. Årsakene er fleire. Dyrtida gjer sjølvsagt òg sitt i eggbransjen. I tillegg har styresmaktene på New Zealand nyleg gjennomført eit lenge varsla forbod mot å halde verpehøner i individuelle bur, noko som har ført til at mange produsentar har lagt ned, og at det rett og slett ikkje er nok høner til å legge nok egg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.