Frå matfatet
Den beste juledesserten er vill og fri
Julestemning? Tja. Kanskje er vi nærare røyndommen enn nissesnø og stjerneklart. Julesmaken er her, iallfall om ein leitar.
Foto: Lise Åserud / NTB
Julaftan. I år som i fjor vert det høve til å bruke ein heil dag på å ete altfor mykje av akkurat det same som vi åt altfor mykje av på akkurat same dag i fjor, og året før, og så bortetter. Berre tenk på alt som skal inn: julekaffi, sild, lammerull, marsipangris, mandarinar, valnøtter, nøttekaker, peparkaker, kakemakarbakar, gløgg og glugg og – der gjekk det visst i surr.
Nei, vi skal ikkje gå i surr. Den surra steika sparer vi til fyrste dag – eller kanskje andre eller tredje, eller kva med nyttårsaftan, det vert alltid tid til steik – i dag skal vi i staden ta den ville naturen med inn i julestova. Og nei igjen, vi skal ikkje ete juletreet. Vi skal derimot slå eit slag for Noregs nest mest populære juledessert: moltekrem.
For sjølv om riskremen fullstendig dominerer all statistikk over kva vi et til dessert på julekvelden, lat oss no, for ein gongs skuld, drukne dei kvite, kremkledde riskorna frå andre sida av jorda med den raude, generiske, glatte sausen, i lokalt stivsinn og nærmenneskeleg innsats. For visste du at moltebær er ei av særs få matvarer som er ein naturleg og integrert del av kosthaldet vårt – utan at vi har klart å domestisere planta som står for produksjonen?
Tokjønna særbær
Slik er det: Alle, absolutt alle molter som vert etne i ein moltekrem, eller drukna i ein moltelikør, eller lagde på ei skive som syltetøy, dei er plukka av ei varsam menneskehand, frå ei myr eller hei eller kanskje ein litt annan, men likevel liknande vill biotop, der det veks molter av to kjønn.
Ja, så sært er moltebæret: Det vil ikkje vekse kor som helst, heller ikkje i kva slags selskap som helst. Der dei aller fleste bær er hermafrodittar – det vil seie at den same blomen har kjønnsdelar som både ho og han – insisterer molteblomen på særbu: Hoplanta må få pollen frå ei anna hannplante for å kunne lage bær.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.