Frå matfatet
Dadlar
Dadlar knyter oss saman. Difor bør dei etast med varsemd og respekt.
Med handa på sukkerskåla: Dadlar inneheld så mykje sukker at det ikkje er langt unna sanninga.
Foto: Pxhere.com
Har du sett alle dadlane som har dukka opp i butikkhyllene den siste tida? Om du ikkje har det, er det nesten godt gjort (eg kan mistenke at det er nokon andre i hushaldet som står for innkjøp av daglegvarer) – for butikkane gjer alt dei kan for å trekke merksemda di mot dei: Daddelposane står rett innanfor døra, tilfeldig plasserte i gangvegar midt i butikken og, ikkje minst, i nærleiken av kassen. Vårt spørsmål denne veka må difor verte: Burde du takke ja til desse tilboda?
Dadlane du får tilbod om, er gjerne ikkje berre dadlar. Dei kan vere dyppa i lakris, i nøtter eller karamell eller endåtil ha fått smak av cola, jordbær eller vassmelon. Dette kan ha innverknad på svaret på spørsmålet vårt, men lat oss likevel byrje med starten: Dadlar er nemleg i seg sjølv ei gamal og tradisjonsrik matvare vi skal ta på alvor.
Fastebrytar
På utgravingsstaden Mehrgarh i dagens Pakistan er det funne prov på daddeldyrking 7000 år før vår tidsrekning. Dei romerske keisarane omgav seg med daddelpalmar, sjølv om dei nok ikkje klarte å dyrke dadlar på italienske breiddegrader – kanskje var det fyrst og fremst for å vise seg for dei egyptiske konkurrentane sine: Faraoane i det gamle Egypt brukte dadlar i det meste.
Dadlar er nemnde ei rekke gonger både i Bibelen og i Koranen. Daddelen er ei av dei sju fruktene som karakteriserer Toraens heilage land, palmeblada som vifta Jesus inn i Jerusalem, var sjølvsagt frå daddelpalmar – og det fyrste mange muslimar et når dei bryt fasta under ramadan, er ein enkel daddel.
Det siste kan vise seg å ha ikkje berre seremoniell og religiøs funksjon. Ein daddel er nemleg ein lur ting å ete når du ikkje har ete noko på lenge. For sjølv om tørka dadlar – som er det vi får kjøpt på våre breiddegrader – kan innehalde så mykje som to tredjedelar sukker, har dei låg glykemisk indeks: Å ete ein daddel fører ikkje til så sterk blodsukkerstigning som ein skulle tru.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.