Frå matfatet

Carbonara

Kan vi berre slutte med dette, ver så snill?

Pasta, pasta, pasta: Spagetti har tatt over verda. Men vil det seie at alt skal vere lov i carbonara?
Publisert

Å vandre i ein daglegvarebutikk og kikke i hyllene, skåpa og frysarane kan vekke ei rekke ulike kjensler i meg. Frustrasjon, somme tider glede, overrasking, irritasjon – og beint fram sinne. Førre gong eg kikka i frysaren på ein Rema 1000, var det ei form for sistnemnde som oppstod, men på eit nytt og inntil då ukjent nivå: At det der nede låg ikkje berre éin, men to variantar av frosenmiddag med namnet pasta carbonara, gjorde meg ikkje berre sint, men samstundes fullstendig utmatta. Sliten. Lei. Kvifor driv vi framleis med dette tullet?

Kva kan vere så gale med to enkle frosenmiddagar, tenkjer du kanskje? Vel, at dei to hevdar å vere nett pasta carbonara, er ikkje tilfeldig. Carbonara er både ein av dei mest omdiskuterte og ein av dei mest overutnytta middagsrettane som finst i verda. Kva er ein pasta carbonara, og kva er ikkje ein pasta carbonara? Spørsmålet er både vanskelegare og enklare å svare på enn ein kanskje skulle tru. Hovudspørsmålet vert kanskje likevel å finne ut kvifor spørsmålet er viktig.

Kjake, ikkje side

Vi skal likevel byrje med starten. Pastaretten høyrer heime i Roma og kringliggande område og har røter i andre pastarettar som Cacio e Pepe, Amatriciana og Gricio. Som alle rettar som er i utvikling, er det vanskeleg å slå fast akkurat kva han inneheld, men dei fleste er samde om ein spagettiliknande pasta, egg (eller berre eggeplommer), ost (helst sauemjølkosten pecorino), pepar, pastakokevatn – og spekt grisekjøt. Nærare bestemt: helst spekt grisekjake, som i Italia er eit vanleg produkt og heiter guanciale.

Guanciale er feitare og har ei anna marmorering enn til dømes bacon. Ikkje er det røykt heller. Difor er det mange som hevdar at carbonara ikkje er carbonara om du brukar bacon og ikkje guanciale.

Den delen av carbonaradiskusjonen er ikkje så spanande – rett og slett fordi guanciale er nærast umogleg å få tak i i Noreg. Du kan sjølvsagt lage det sjølv om du klarar å få tak i eit grisehovud, men då forsvinn mykje av rask og enkel-argumentasjonen eg likar å nytte når eg slår fast kvifor ferdigcarbonara er ein så utruleg dårleg idé.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel