Frå matfatet

Brus

Innpakninga er ny. Merkevara likeså. Men kva med innhaldet?

Klassikarar i lange baner: men brus er meir enn dette no. Kva er nytt?
Publisert Sist oppdatert

Kva roller spelar brus i 2026? I butikkane kan det verke som brushyllene har minka dei siste åra – skvisa saman av hyllene med energidrikk på den eine sida og hyllene med alkoholfritt øl på den andre. Det er også ganske vilt å tenkje på at kvar og ein av oss i 1997 i snitt drakk 93 liter sukkerhaldig brus kvar, i fylgje Helsedirektoratet. Det svarar til ein kvart liter – eller eit stort glas – kvar einaste dag heile året.

Dette var sukkerbrustoppen. I 2023 drakk vi nemleg under halvparten så mykje sukkerhaldig brus: Berre 43 liter i snitt per person. Når ein får talet slik i sin heilskap verkar det framleis nokså stort – men det verkeleg store talet får vi fyrst når vi opnar kolonna for brus som er søta med søtstoff: Medan vi i 1997 drakk 26 liter slik drikke, fekk vi i 2023 i snitt i oss 74 liter såkalla sukkerfri brus kvar.

Altså drikk vi om lag akkurat like mykje brus no som vi gjorde for 29 år sidan – 117 liter no mot 119 liter då. Med andre ord er ikkje brus på veg ut, slik det er mogleg å få inntrykk av. Men han har endra seg litt. Produsentane gjer jo det dei kan for å sikre seg oss bruskjøparar – dei heng med i svingane, kan vi seie, og oppdaterer seg på trendane, og nett no vil fortel dei trendane oss at det er lurt å selje så sunn og naturleg brus som mogleg.

Appelsin, ikkje Solo

Så då gjer produsentane det. Norgesgruppen har til dømes bygd ei bruslinje inn i deira økologiske EMV-serie Vilje: Dei kallar det «kullsyredrikk», men både plassering og innhald syner oss at boksane med smak av enten ingefær, mange, sitron og lime eller bringebær og rabarbra inneheld brus. For det fyrste står dei altså i brushylla, for det andre inneheld dei søta, smakssett og kullsyra vatn.

Frukt- og bærsmakane er skapte med ein kombinasjon av juice frå nemnde råvare og det dei kallar naturlege aromastoff – med andre ord smakar skapt av råstoff som ikkje treng å ha noko med råvara ho etterliknar å gjere. Dette er ikkje noko nytt – også klassikaren Solo skapar appelsinsmak ved å kombinere appelsinsaft og aroma.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement