Frå matfatet

Beiteberedskap

Geiter, kyr og sauer må få vere med på totalforsvarsåret 2026.

Desse to går på fjellbeite i Sødorpfjellet i Nord-Fron i Gudbrandsdalen.
Publisert Sist oppdatert

Kva år er det i år? Ja, det er 2026, sjølvsagt, men eit år kan jo ikkje berre ha eit nummer – det må også ha eit formål. 

Den norske regjeringa har bestemt at i Noreg er 2026 totalforsvarsåret. 

«Det overordnede målet er å styrke Norges evne til å forebygge og håndtere sikkerhetspolitiske kriser og krig», skriv Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som har fått hovudansvar for totalforsvarsåret. «Alle skal være med», skriv dei vidare: sivile og militære ressursar, private og frivillige aktørar.

Eg meiner vi bør tenkje endå lenger. Lenger enn berre oss som går på to bein. Kva eg meiner med det? Lat oss kikke bitte litt utanfor landegrensene.

Beitebrukaråret

Også FN har jo, tradisjonen tru, gjeve 2026 ein dedikasjon. Ja, faktisk heile tre: 2026 er både det internasjonale året for frivillig arbeid for berekraftig utvikling, for kvinnelege bønder – og, i denne samanhengen ikkje minst, for beiteland og beitebrukarar (The International Year of Rangeland and Pastoralists).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement