Bok

Vil utfordre det sjølvsagde

Maria Dorothea Schrattenholz vil stille spørsmål om verda og menneska i verda. Derfor skriv ho science fiction-dikt, og til no har resultata vore framifrå.

Maria Dorothea Schrattenholz fekk Bokhandelens forfattarstipend på 200.000 kroner førre veke.
Maria Dorothea Schrattenholz fekk Bokhandelens forfattarstipend på 200.000 kroner førre veke.
Publisert Sist oppdatert

Ho debuterte i 2015 med diktsamlinga Atlaspunkt, som var i finaleheatet til Vesaas-prisen. I fjor kom neste samling, Protosjel, som under Litteraturfestivalen på Lillehammer i førre veke blei lønt med Bokhandelens forfattarstipend på 200.000 ikkje skattefrie kroner, til ein forfattar i etableringsfasen.

– Kanskje kan eg med skrivinga mi utfordre det sjølvsagde og attkjennande, leggje fram umoglege røynsler. Ingen veit korleis det er å vere eit medvit utan kropp. Så får dei som les Protosjel, vurdere om den tilstanden eg skildrar, er positiv eller negativ. Eg vil ikkje gi svar, berre halde ting fram, tenkje litt om eksistensen.

42-åringen er oppvaksen i Bergen, har farta ein del ikring i inn- og utland, men bur no i Oslo. Omsetjingsarbeidet ho livnærer seg av til dagleg, går frå engelsk til norsk, som teksting av film og TV. Ho utdanna seg først til fotograf og biletkunstnar – med ein bachelorgrad i samtidskunst frå Kunstakademiet i Tromsø – men så kom skrivelysta, og i 2012 fekk ho inn ein tekst i debutantantologien Signaler.

– Då følte eg at skriving var noko eg kunne jobbe med for alvor. Spranget var ikkje så stort, begge delar handlar om uttrykk, måtar å sjå verda på, å skape noko nytt. Skrivinga kjendest rett.

Sidan har det blitt fleire skrivekurs på Schrattenholz. Etter to års forfattarstudium i Tromsø følgde ho opp med eitt år påbygging ved Skrivekunstakademiet i Bergen, før ho tok ein master i Creative Writing ved Universitetet i Cape Town i Sør-Afrika. Dit drog ho for å få nye impulsar, møte andre menneske og sjå andre landskap. Mars-landskapet ho skildrar i Atlaspunkt, er sterkt påverka av fjellandskapet utanfor Cape Town.

– Kva var det som gjorde deg til poet?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement