Russland

Russlands Columbine

Det er ein grunn til at det har blitt meir vald blant russiske tenåringar.

Publisert Sist oppdatert

Eg har ikkje barn og kjem truleg ikkje til å få barn. Truleg har eg alt snakka om det. Kanskje det endrar seg, men slik det ser ut no, kjem eg til å leve som eg gjer, heile livet. Avgjerda har ingenting med ytre omstende å gjere – livet mitt har berre blitt slik.

Eg angrar ikkje, men eg tenker ofte på at eg ikkje kan sette meg inn i korleis det er å vere forelder i dag. Eg kan førestille meg at det er tungt å ha ansvar for eit barn no, og ser opp til foreldre; dei er modige og livskraftige.

Eg kom nettopp til å tenke på dette igjen fordi det har vore ein tydeleg valdsauke på russiske skular.

Eg vil ikkje seie at «skulane lid under ein valdsepidemi», det ville vere å dra det litt langt. Men det har blitt merkbart meir vald enn før. Nesten kvar veke kjem eg over ei sak som handlar om at ein tenåring ein stad i landet har tatt med seg ein hammar eller kniv eller eit anna våpen på skulen for å bruke det i eit åtak på medelevar.

I februar hende dette minst to gonger. I Ufa skaut ein elev mot barn og lærarar med ein luftpistol, og i Krasnojarsk gjekk ei jente til åtak på ein klassekamerat med kniv. Sidan årsskiftet har det vore seks slike angrep – rekordmange på så kort tid.

Politiet seier dei har avverja 21 liknande angrep sidan årsskiftet. Men dei klarer ikkje å avverje alle, og det hender at utfallet er tragisk. 16. desember i fjor knivstakk ein tenåring ein yngre elev i utkanten av Moskva. Først skadde han ei vakt. Han gjekk rundt på skulen og mumla nihilistisk mens han filma det han gjorde. Slik har det ikkje vore før – ikkje i eit slikt omfang.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement