Litteratur
Vil skriva seg bort til noko anna og større
I dag kjem siste bandet i Septologien ut i tre land samstundes. Koma det som koma vil, seier Jon Fosse om forfattarframtida si. Han skriv så lenge han kjenner trong til det.
Jon Fosses Septologien er godt motteken i utlandet og omsett til meir enn 20 språk.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Med Eit nytt namn har Jon Fosse ført historia om målaren Asle til endes og knytt saman dei mange lause trådane frå dei to første Septologien-bøkene, Det andre namnet og Eg er ein annan. No kan forfattaren lena seg tilbake og venta på mottakinga heime og ute. Kritikkane for dei to første banda seier han seg svært nøgd med.
– Aldeles overveldande. Det er vel no omsetjingar til over tjue språk. Og medan dramatikken min jamt over har vorte slakta i dei engelskspråklege landa, har Septologien fått særs god mottaking også der, utruleg nok vart til og med fyrste bandet nominert til den internasjonale Booker-prisen.
– Eskil Skjeldal spurde deg i samtaleboka Mysteriet i trua om overgangen til det katolske ville koma til å syna seg i tekstane dine. Du svara at «eg trur ikkje eg i framtida kjem til å skriva anten meir eller mindre katolsk enn eg til no har gjort». Men er det ikkje nett det som har skjedd i Septologien?
– Det spørst vel kva ein meiner med «å skriva katolsk». På ein måte skriv eg ikkje meir katolsk no enn eg før har gjort – då den svenske teaterkritikaren Leif Zern i si tid såg Barnet, skrive midt på nittitalet, meinte han at forfattaren måtte vera katolikk: Eg skriv som eg skriv, men om du med å «skriva katolsk» meiner at eg lèt katolsk tru og tenking vera del av det eg i ei viss tyding skriv om, så hadde eg kanskje feil.
– Kor viktig har Johannes’ Openberring vore for heile dette bokprosjektet?
– Eg har sjølvsagt lese Openberringa både éin og mange gonger, men eg tenkte aldri på den då eg skreiv Septologien. Det einaste som beinveges knyter an til den, er mottoet fremst i fyrste bandet, som eg framleis tykkjer er så godt at eg gjerne siterer det her òg: «Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det.» Tittelen til tredje og siste bandet av Septologien, Eit nytt namn, er altså eit sitat frå Openberringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.