Vil satsa meir på born og unge
Den nye leiaren for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har enno til gode å oppleva festivalen, men ser fram til å kunna setja sitt stempel på han.
Per Idar Almås går med skrekkblanda fryd til oppgåva som leiar for Førdefestivalen i oktober.
Foto: Førdefestivalen
Per Idar Almås (37) innser fullt og heilt at å ta over etter Hilde Bjørkum, blir som å hoppa etter Wirkola. Det er såleis med skrekkblanda fryd han går til oppgåva, men i sjefsstolen set han seg ikkje før 1. oktober. Først har han ein jobb å gjera som prosjektansvarleg for Festspela i Bergen og som sjef for kammermusikkfestivalen Gloppen Musikkfest.
– Kva fekk deg til å søkja toppjobben på Førdefestivalen?
– Det er ein spennande festival med særpreg, ein av dei mest interessante kulturjobbane ein kan ha. Og eg vil helst arbeida med festivalar. For meg som bur på Sandane, er det dessutan greitt å kunna sleppa å pendla.
Festivalar har Per Idar Almås ei viss røynsle med, og han håper å kunna dra nytte av det han har erfart både i Festspela, Gloppen Musikkfest og som del av staben for Tall Ships Race i Bergen. Opphavleg kjem han frå Stord. Han utdanna seg som film- og TV-redigerar, og han tok seinare ein bachelor i kulturformidling. Almås har mellom mykje anna vore produksjonsassistent på innspelinga av fleire Varg Veum-filmar, grafikkreporter i TV 2 og jobba med kultur i Bergen kommune.
– Desse jobbane har gitt meg eit sterkt engasjement for kulturformidling for barn og unge. Ein prioritet vil bli å leggja til rette for at denne gruppa skal få høve til å oppleva kunst og kultur.
Almås veit inderleg vel at han skal erstatta henne som har hovudansvaret for å ha utvikla den suksesshistoria Førdefestivalen er blitt, Hilde Bjørkum, som har vore der frå dag ein.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.