Vil halde engelsk på armlengdes avstand
Den nytilsette språksjefen i NRK, Karoline Riise Kristiansen, er klar over ansvaret ho har når ho tek til i den viktigaste språknormdannande medieinstitusjonen i kongeriket i februar.
Redaktør Karoline Riise Kristiansen i Nynorsk pressekontor byrjar som språksjef i NRK frå 2. februar 2020.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Etter ti år som ansvarleg redaktør for Nynorsk pressekontor (NPK) var ho klar for større oppgåver. Og for eit språkinteressert menneske finst det knapt ei meir utfordrande oppgåve enn å skulle sjefe språkleg over dei mange tilsette i landets desidert største mediehus. Sjølv om ho er full av lovord om dei ho snart skal jobbe med, fryktar ho ikkje å bli gjerandslaus i si nye stilling.
Kommunikasjon
Den 41 år gamle voldingen er gift og mor til tre austlendingar. Ho kjem frå ein lærarfamilie der dei var opptekne av språk og kommunikasjon. Sjølv har ho nordisk grunnfag og mellomfag frå Høgskulen i Volda, ved Høgskulen på Rena har ho studert informasjon og samfunnskontakt, før ho plussa på med medievitskap ved Universitetet i Oslo. Nyleg tok ho på BI masteremne i digital kommunikasjonsleiing og kommunikasjon i organisasjonar.
Før ho kom til Nynorsk pressekontor, jobba Karoline Riise Kristiansen i ABC Startsiden. Der var ho nettjeger og journalist, så blei ho redaktør for Startsiden.no. Språk og kommunikasjon var noko ho arbeidde mykje med der.
– Kvifor søkte du på språksjefstillinga i NRK?
– Det er jo ei spesiell stilling, ei stilling som heng høgt for meg. Då utlysinga kom, kunne eg ikkje la vere. NRK er det største mediehuset i landet, ein svært viktig samfunnsaktør, og stillinga som språksjef der er den viktigaste stillinga for norsk språk i media, slik eg ser det. NRK har eit samfunnsoppdrag for godt språk generelt, og det er eg glad for å få høve til å jobbe med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.