Bok

Vil gi røyst til dei vi ikkje høyrer

Avstanden mellom sentrum og periferi og mellom prateklassen og den tause majoriteten som aldri kjem til orde, er utgangspunktet for Tore Renbergs nye roman.

Tore Renberg fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutboka i 1995. Sidan har han skrive mange bøker, to av dei på nynorsk.
Tore Renberg fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutboka i 1995. Sidan har han skrive mange bøker, to av dei på nynorsk.
Publisert

Hovudpersonen i Tollak til Ingeborg, den over 80 år gamle enkemannen Tollak, er rett nok ingen ordhag person, men han tenkjer sitt og har sine klare meiningar. Medan han ventar på at dei to borna hans motstrevande skal komme på besøk, og få kunnskap om den farlege løyndommen han ber på, ser han tilbake på viktige episodar i livet sitt. Det er ikkje berre vakkert, sjølv om den sterke kjærleiken til den altfor tidleg døde kona, Ingeborg, lyser over boksidene.

– Eg har ei prinsipiell haldning til dette. Alle menneske er interessante. Eg har laga mange mannsportrett i bøkene mine, denne gongen ønskte eg å syne ein person som er parkert som menneske, som mann, gamling og bygdesærling, seier Renberg, som med denne utgivinga markerer 25-årsjubileum som forfattar.

Sinne og sorg

I kortromanen Farmor har kabel-tv (2006) skreiv Renberg for første gong om ei gammal dame. I Ingen tid å miste frå i fjor gjekk Renberg for alvor inn i alderdommen med portrettet av 85 år gamle Edel, som er både rappkjefta og storkjefta. Bortsett frå det verbale har ho eit slags motstykke i den tause Tollak.

– Eg har nådd å bli 48 år og har grubla mykje over mannfolk og sakn, sinne og sorg, menn og vald. Det er eit felt som får mykje å seie både i privatlivet og i internasjonal politikk, slik vi ser det med stadig fleire utanlandske statsleiarar. Også av den grunn var det spennande å gå inn i Tollak.

– Dette må vere den mest uhyggelege boka du har skrive?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement