Vil gi dei sårbare ei røyst

Etter 35 år og 27 bøker oppdaga Margaret Skjelbred at det går an å skrive noveller òg. I dag markerer ho 70-årsdagen sin med å gi ut ei novellesamling.

Margaret Skjeldbred har gitt ut ei novellesamling for første gong.
Margaret Skjeldbred har gitt ut ei novellesamling for første gong.
Publisert

– Novellesjangeren har lenge stått hjarta mitt nær, men eg har aldri tenkt at eg skulle gi ut ei heil samling. Først for eit år sidan såg eg at eit stoff som var meint til ein roman, kanskje var meir enkeltståande historier, fortel den jubilerande forfattaren.

– Kvifor gjekk det så mange år før du prøvde deg i novellesjangeren?

– Eg har skrive nokre få noveller tidlegare, på oppdrag, til antologiar. Når eg ser tilbake på dikta mine, det var jo lyrikk eg skreiv dei første åra, har eg i nokre samanhengar tenkt på dei som små skisser, bilete av situasjonar, landskap, miljø eller stemningar. Då eg skreiv diktsamlinga Ved Jakobs løe i 1995, slo det meg at dette også kunne vere romanstoff. Så blei det nok til ein heil trilogi, dei tre første romanane mine. Etter det heldt eg fram med romanskriving, men også romanane er skrivne som små episodar og skisser av personar og deretter sette saman.

Maskinskriving

Forklaringa på at det tok så lang tid – 14 år – før Skjelbred prøvde seg på prosa, er like enkel som ho er banal. Ho kunne ikkje skrive på maskin, brukte berre éin finger. Ho tok til å skrive på ein gammal Corona som var så sliten at kvar gong ho trykte ned o-en, gjekk det hòl i manusarket.

– Eg træla fælt med den første maskina, men den første romanen skreiv eg på PC.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement