– Viktigare for landsmålet enn Samlaget

Mons Litleré vart berre 28 år, men lét etter seg eit heilt livsverk. No er biografien om nynorskpioneren skriven.

Mons Litleré (1867–1895) gav seg ikkje om han møtte motstand, men det tærte nok på. Han arbeidde mykje utover kveldane, seier biograf Jan Olav Gatland.
Mons Litleré (1867–1895) gav seg ikkje om han møtte motstand, men det tærte nok på. Han arbeidde mykje utover kveldane, seier biograf Jan Olav Gatland.Mons Litleré (1867–1895) gav seg ikkje om han møtte motstand, men det tærte nok på. Han arbeidde mykje utover kveldane, seier biograf Jan Olav Gatland.
Publisert

I si eiga samtid var Mons Litleré (1867–1895) og verksemda hans ein litterær institusjon, viktigare for landsmålet enn både Det Norske Samlaget og Vestmannalaget. Biografen hans, Jan Olav Gatland, meiner at denne gründernaturen frå Naustdal i Sunnfjord var den eigentlege grunnleggjaren av kommersiell nynorsk forleggjarverksemd og bokproduksjon.

Driftig

Boktittelen, Ein driftig djevel i Bergen, har forfattaren lånt frå Hamsun, som slik omtala Litleré i eit brev. Og det var positivt meint, for driftig må han ha vore. Så driftig at det gjekk på helsa laus og kanskje bringa han i ei altfor tidleg grav.

Gatland hadde i mange år arbeidsstaden sin ved Universitetsbiblioteket i Bergen (UB). Der fann den røynde biografiforfattaren over 350 originalbrev til Litleré, av desse om lag 70 frå Garborg.

– Både Samlaget og Vestmannalaget blei etablerte i 1868, altså før Litleré tok til med arbeidet sitt. Dei har nok, kvart på sitt vis, inspirert han. Vestmannalaget gav ut nokre få bøker, men så dabba det heilt av. Og Samlaget tok til som ein bokklubb folk måtte melde seg inn i, og var i byrjinga altså ikkje eit profesjonelt landsmålsforlag.

– Heime i Naustdal starta han 19 år gammal den første landsmålsbokhandelen i landet, Norskmålets bokhandel. Kva var det som dreiv han?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement