Politikk

Parti på vippen

Det er ikkje usannsynleg at Senterpartiet kan gå over til borgarleg side på sikt, seier Anne Ekornholmen, politisk redaktør i Nationen.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum tapte valet, men kan vinne makt frå vippeposisjon i Stortinget.
Publisert Sist oppdatert

Jonas Gahr Støre held på makta, men fleirtalet Arbeidarpartiet skal styre, er meir fragmentert og sprikande enn før. Tidlegare regjeringspartnar Senterpartiet har også annonsert at partiet vil ha ein fri posisjon på Stortinget og ikkje vere ei rundingsbøye for Ap.

Anne Ekornholmen er politisk redaktør i avisa Nationen og kjenner Sp godt.

– Fleire Sp-politikarar snakkar no om at partiet er i vippeposisjon, som vil gje makt. I kva grad er denne vippeposisjonen reell?

– Han er reell på den måten at Sp er eit sentrumsparti som har vore, og er, samd med høgresida i fleire saker. Det gjeld til dømes skattepolitikk og oljepolitikk og noko av energipolitikken. Samstundes trur eg at alle partia som no peika på Støre som statsminister, er både samde om og nøgde med det, og at dei har forplikta seg til eit samarbeid på raudgrøn side, nett fordi dei ønskjer den kursen.

– Kva kan og vil Sp bruke vippeposisjonen til?

– Noko av det siste partiet fekk til i regjering, var ei semje med KrF og Venstre om inntektsutrekning for bønder. Så partiet er pragmatisk og kan finne løysingar frå sak til sak. Men som både Vedum og nestleiarane har sagt, ville det vore heilt uaktuelt for partiet no å støtte ei blå regjering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement